I Krysset er alltid ledig. Norge kan vinne VM og andre dikt viser Alf Kjetil Walgermo korleis fotball kan vere meir enn ein sport. Gjennom dikt som krinsar rundt draumar, siger, tap og fellesskap, utforskar han eksistensielle spørsmål med fotballen som utgangspunkt. Samlinga er både leiken og alvorleg. Ho viser korleis noko så kvardagsleg og folkeleg som ein fotballkamp òg kan romme eksistensielle spørsmål, og ho gjer det på ein måte som kan treffe både erfarne lesarar og elevar som ikkje les så mykje lyrikk.
Språket er tilgjengeleg og munnleg, og mange av dikta tek utgangspunkt i situasjonar elevane kan kjenne att, anten dei er fotballinteresserte eller ikkje. Det handlar om draumen om å lukkast, frykta for å feile, opplevinga av å høyre til eit lag eller ynsket om å få ein ny sjanse. Og som tittelen seier: Krysset er alltid ledig. Det finst alltid ei ny mogelegheit.
I Krysset er alltid ledig skriv Walgermo fram fotballen som både leik og som ein god inngang til å snakke om livet med alt det ber med seg. Han viser oss at poesien finst like mykje på stadion som nokon annan stad. I skulen er dette ei diktsamling som kan skape engasjement, invitere til samtale og gi elevane erfaring med at lyrikk kan vere både tilgjengeleg, aktuell og tankevekkjande.
Utdrag frå boka:



