Omsett til nynorsk av Øystein Vidnes
Kvar einaste time hamnar om lag tusen tonn plast i havet. Eit lastebillass kvart einaste minutt. Utan pause. (…)
Ein analyse spår at det innan 2050 kjem til å vere meir plast enn fisk i havet. (Pêgo m. fl. 2018: 36)
Ana Pêgo frå Portugal vaks opp nær ei strand der ho leika mykje i barndomen. Interessa for livet i og ved havet har alltid vore der. Som vaksen bestemte ho seg for å bli biolog, for å studere dyrelivet nærare. Etter kvart oppdaga Ana korleis plasten påverkar leveområda til dyr i havet og ved kysten. Ho begynte å samle på plast frå havet, og gav den nye arten eit namn: Plasticus maritimus. Plast blir broten ned veldig sakte, og det kan ta mange hundre år før han er heilt borte.
I boka får du sjå nokre av dei vanlegaste eksempla på plast du kan finne i havet, og nokre av dei mest uvanlege funna du kan gjere. Vi får lære meir om korleis havet fungerer, grunnane til at plasten hamnar der, og konsekvensane han har for livet på heile kloden. Målet med denne boka er å gjere lesarane til ekspertar på havplast. Her finn lesarane det dei treng å vite for å skjøne kva problem plasten skaper, og kva vi kan gjere med dei.
Kunnskapen og engasjementet til forfattarane går som ein raud tråd gjennom heile boka. Det er også gjort eit solid arbeid med omsetjinga til nynorsk. Boka inneheld fargerike illustrasjonar av Bernardo P. Carvalho. Dette er ei lærerik sakprosabok som vi trur eignar seg godt i klasserommet. Vi anbefalar boka for lesarar frå 11 år og oppover.
Utdrag frå boka: