Anders Totland: Undergang. Nedsmelting

Åttandeklassingane Marco, Mille og Takashi har haustferie i Bergen då atomrakettane begynner å hagle ned i byar over heile verda.

Det har vore uroleg ute i verda ei stund, men det er først no katastrofen er total. Og det er no krigen kjem til Noreg.

Totland tek seg god tid til å bygge opp historia, og det er god driv i henne. Me får verte kjende med hovudpersonane, verda dei lever i – og farane dei står overfor.

Dette er den første boka i ein serie, og det er berre å feste sikkerheitsbeltet. Boka passar for ungdom som liker spenning og ein framtidsdystopi i kjende omgjevnader.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

Bak med Helle
9–12
Hilde Myklebust: Ingen kan nå oss
kjærleik
ungdomsbøker
Førstetouch
kjærleik