Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anita Stokke Blomvik: Kvardagsmat

Kvardagsmat inneheld oppskrifter frå matbloggen kvardagsmat.no og eignar seg svært godt både for røynde og ikkje-røynde kokkar. Blomvik vender seg til familiar i tidsklemma og fortel si eiga historie om å gå frå posemat til å bruke ferske råvarer. Ho fortel at det ikkje alltid tek meir tid å lage mat frå botnen av, og at det handlar mykje om vanen. Gode vanar startar gjerne tidleg: Kokeboka inneheld mange oppskrifter som med fordel kan brukast på skulekjøkenet eller på studenthybelen.

Kort sagt inneheld Kvardagsmat oppskrifter på smakfull, rimeleg, næringsrik og sunn mat, i eit lettfatteleg språk og med inspirerande foto. Innhaldslista er godt strukturert, noko som gjer det enkelt å finne fram. Oppskriftene er moderne, men du finn likevel dei aller fleste ingrediensane i nærbutikken din.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker