Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anja Dahle Øverbye: Tarjei 13 år

Opplegg til boka: 
Tid for ti:
Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

I denne teikneserieromanen møter vi Tarjei, ein gut på 13 år. Han går på skulen saman med bror sin, Olav. Det er ikkje så lenge sidan foreldra deira vart skilde, og no har mora flytta saman med kjærasten Leif i huset hans. Tarjei og Olav må bu litt med far og litt med mor, og dette er uvant. Han lengtar tilbake til den gamle tida då familien budde i det ekte huset deira og mora og faren var saman. Tarjei synest synd i faren som no bur åleine når ikkje Tarjei og Olav bur der. 

Sidan Tarjei bur på to stader, er det lett å gløyme ting. Tarjei har gløymt gymbagen sin fleire gongar, og når han kjem heim utan bag, blir det bråk. Leif, kjærasten til mor, synest Tarjei kan hente bagen sin sjølv, i staden for at mor hans skal styre med hentinga. Mora har ikkje tid til slikt, for ho skal ha kosekveld saman med Leif. Tarjei blir sint, og spring ut til trehytta i skogen, som kan vere ein fin stad å få vere i fred.   

Puberteten bankar nok på døra, for det er kjempeflautt med den forelska mora og Leif. Samstundes byrjar Tarjei å legge ekstra merke til ein av venene på skulen, Aisha. Han likar henne godt. Men likar ho at han likar henne? Då venene møtest i trehytta ein halloweenkveld, bestemmer dei seg for å prøve eit ouija-brett. Ouija-brettet kan på magisk vis svare på spørsmål som vert stilte. Stemninga vert spent når brettet tek til å svare!  

Teikneserien Tarjei 13 år viser fram eit truverdig bilete av kor vanskeleg det kan vere å nærme seg den vaksne verda, når det trygge livet frå barndomen forandrar seg og slår sprekkar. Forholdet til vener du har kjent lenge, blir plutseleg noko meir, og nye tankar kjem til overflata. Det er heller ikkje berre lett å plutseleg skulle skifte hus og bu saman med framande personar som også tek på seg ei slags foreldrerolle, når du eigentleg berre vil attende til det gamle, trygge livet ditt. Teikneserien viser også at det ikkje er så lett å vere mor eller far heller, når livet plutseleg tek tak og skapar forandring.  

Teikningane er for det meste i svart-kvitt og kompletterer forteljinga godt. Vi ser ofte kva Tarjei gjer eller fokuserer på, noko som gjer det lett å kjenne kjenslene til Tarjei. Eit døme på dette kan vere biletet der handa til Tarjei stryk i håret til Aisha. Puberteten er kjent som ei tid med store kjensler, og denne teikneserien let oss få oppleve verda sett gjennom auga til Tarjei. Ein god og tankevekkjande teikneserie som både vaksne og tenåringar vil kunne kjenne seg att i.  

Utdrag frå boka:

 

Fleire boktips

6–9
ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12