Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: Eg blir her

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Den andre ungdomsromanen til Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er ein velskriven og engasjerande roman om kjærleik og forelsking, om å høyre til på bygda og å lære seg å leve med ein pappa som målar, speler gitar og syng, men også drikk for mykje.

Eg-forteljaren heiter Oda og er 16 år. Ho er ferdig med tiande klasse og veit ikkje kva ho vil til hausten. Men først er det sommarferie der Oda vil bruke tida saman med kjærasten Sondre kombinert med ein vaskejobb på hotellet. Oda bur saman med besta og besten i ei lita bygd, der ein er avhengig av ferja for å komme nokon stad. Pappa bur i løa der han har eit lite rom, kjøkken og bad. Han liker å snakke med folk, og han vil spele gitar og synge. Han har laga til pub for turistane, og dette liker ikkje Oda. Men endå dårlegare liker ho at andre snakkar nedsetjande om faren hennar og kallar han ein deprimert drankar.

Dei er få ungdommar i bygda, og må ta ferja over fjorden for å kome seg på skolen. Men heldigvis bur Emma her, dei har vore veninner lenge og stiller alltid opp for kvarandre. Emma er fotballspelar og veit visst alt om gutar. Ein kveld får ho med seg Oda på fest i fjøra, der dei treffer Oliver som Emma liker, og Daniel som Oda synest både er litt interessant og skrekkeleg irriterande. Ho opplever han som sarkastisk og vanskeleg å snakke med, men det er noko med han også.

Oda har ikkje fortalt Sondre om festen ho var på, og han liker det ikkje. Sondre blir mistenksam overfor Daniel, og det er stadig ei ubehageleg stemning. Oda synest også at Sondre er for pågåande, og ho liker ikkje kyssa hans så godt. Ho vil heller ikkje at nokon andre skal sjå når dei kyssar. Samstundes grip ho seg i å tenke på Daniel. Emma påstår at Oda må vere forelska i Daniel, så mykje som ho snakkar om han. Oda nektar.

Ferja er ein viktig bindeledd til resten av verda for desse ungdommane. Ferja er problematisk på den måten at ho avgrensar den tida Oda og Sondre får vere saman, ho går ikkje seint om kvelden. Samstundes fungerer ferja som ei moglegheit eller unnskyldning for å ikkje vere med på ting ein eigentleg ikkje vil. Krisa det er å komme for seint til siste ferja, opplever vi også i romanen.

Mot slutten av romanen skjer fleire dramatiske hendingar som gjer at både Oda og pappa, og kanskje fleire, får ny innsikt.

Gjennom 24 korte avsnitt framstiller Ingebrigtsen ein gjeng med ungdommar som må ta stilling til spørsmål om utdanning, vennskap, livet på bygda, alkohol og sex, forhold til foreldre og kvarandre og kvar grensene går. Forfattaren bruker eit moderne og stilsikkert nynorsk som fangar inn ein ungdommeleg uttrykksmåte.

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12