Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: På ein skala frå ein til ti

På ein skala frå ein til tiPå ein skala frå ein til ti (2025) handlar om 16 år gamle Miriam. Ho har levd med to skadde bein sidan ho var to år, og der er ikkje betring i sikte. Miriam har to fine foreldre, og heldigvis har ho også tvillingsøstera Malin. Ho er Miriam sin besteven og hjelpar. Men Malin har to friske bein, og det minner Miriam om det ho manglar.

Miriam bruker mykje tid og energi på å skjule beina og haltinga. Ho går aldri med kjole, og i sosiale lag støttar ho seg så diskret ho kan, til møblane ho passerer. Ho er interessert i Torjus, og interessa verkar gjensidig. Ho skjuler halting og arr etter beste evne, og kan knapt tru det når dei kysser på fest. Men dette kan sjølvsagt ikkje vare.

I det ting begynner å løsne med Torjus, strammar det seg hardt til på sjukehuset. Miriam kvir seg til ein operasjon ho trur ho skal ta, og så viser det seg at legane vil gå endå lenger: dei vil amputere den eine foten. Korleis skal ho klare å halde på Torjus når ho ikkje lenger kan halde stilt om funksjonsnedsetjinga? På ein skala frå ein til ti viser oss kor altoppslukande og vanskeleg det kan vere når deler av kroppen ikkje verkar. Boka er eit godt utgangspunkt for samtalar om funksjonsnedsetjingar, og også om det å måle sin eigen verdi gjennom andre sitt blikk.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
Peter F. Strassegger: Keisar Augustus
intervju
Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik
dikt
Erlend Skjetne: Størst og minst
intervju