Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Asbjørn Rydland: Terra Victoris

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Bli med på ei handlingsfylt reise fram i tid til det eldgamle Istanbul i år 2193. Istanbul har framleis gamleby og basarar, men elles er verda mykje forandra. Ei klimakrise og trusselen frå kunstig intelligens førte menneska på jorda ut i ein krig der alle nasjonar vart utraderte, og der dei rike danna store verdsomspennande selskap som kontrollerer og overvaker alt og alle.  

I ein fargerik og spennande by treffer vi Ingrid, ei ung jente frå Norden, som saman med den lokale guten Zeki vert kasta ut i ei forrykande jakt etter sakna personar. Ingrid, som har overtala mødrene sine til å få reise på ferie til arkeologen onkel Leon i Istanbul, er rik. Onkelen leitar etter satellittar og andre gamle teknologiar for eit stort teknologiselskap med mykje makt, Interlace. Ingrid skal treffe onkelen på eit hotell, men han dukkar ikkje opp. No er ho åleine i ein framand storby. Kva kan ha skjedd? Kva skal ho gjere?  

Zeki er frå den meir fattige delen av folket i Istanbul. Broren sit fengsla for illegalt arbeid, og familien hans slit med å betale for broren i fengselet. Om dei ikkje skaffar pengar, vert broren overført til hardare soning. Men Zeki er også sjølv med i ei undergrunnsgruppe av aktivistar, som vert kalla Tabula Rasa. Kva vil skje med familien om han også vert arrestert? Tabula Rasa kjempar for at vanlege menneske skal kunne bestemme over eigen lagnad, og ikkje la gigaselskapa kontrollere og overvake alt. Jenta som verva han til denne gruppa, Ceyda, er sakna etter at ho skulle hjelpe ein arkeolog med å finne ein nedskoten satellitt frå tida før krigen …  

I denne boka vert ein kjend med mykje spennande teknologi, frå personlege assistentar som er operert inn under huda di, til svevande syklar og hybridjetfly. Mennesket er også under press, nokre lastar seg opp på nettet og har berre ein robotkropp, og kan såleis leve evig, andre har utvikla kunstige intelligensar som kan påverke menneska i ulike retningar via nettet.  

Terra Victoris vert omsett til «jorda tilhøyrer sigerherrane», og reiser spørsmål som kva er eit menneske, og kven skal bestemme over mennesket? Boka aktualiserer også kjeldekritikk. Kva er sanning? Kven er det som fortel sanningane, og kan vi eigentleg stole på desse sanningane? Korleis skal menneska forhalde seg til teknologi, og kan vi eigentleg stole på teknologien?  

Boka er medrivande, metta med handling og til tider litt valdeleg. Det er mykje som skjer, så lesaren må henge med og vere flink til å sjå for seg det som skjer i denne framtidsverda, men boka er likevel lett å lese, lett å like og vert ikkje kjedeleg.  

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12