Birk og mora skal bu eit år hos morfar på øya, og der skal han gå i sjuande klasse. Med seg på flyttelasset har han den oransje katten Tiger. Birk saknar bestevenen Said, men har gått med på flyttinga for mora sin del. Ho er blitt veldig bleik og tynn, dessutan blir det billigare for dei å bu hos morfar. Ada bur i nabohuset, og kjem straks på besøk. Birk og Ada kjenner kvarandre frå før, frå alle dei somrane dei har leika i lag.
Morfar har fått ein ny sitjebenk i kjøkkenet, med høg rygg med utskjering. Tiger reagerer kraftig når han kjem inn, skyt rygg og blir heilt stiv. Det er som om han hadde fått straum gjennom seg. Han remjar, hoppar ned og fyk ut. Seinare dunkar Ada inn i kjøkkenbordet og seier: «Det kjentest som om utskjeringa blei varm».
Ada og Birk fortel i kvar sine kapittel. Ada bur i eit hus som blir kalla kråkeslottet. Nå held foreldra på med ei grundig renovering, og det inneber at dei vil kvitte seg meg mange gamle ting. Dette liker ikkje Ada, og ho klarer å lure unna ei bok om hekseprosessar. Ho er veldig interessert i historie.
Birk søv uroleg på det nye soverommet, og då han vaknar midt på natta, kjenner han ei lukt som minner om rotna kjøt. Han fortel dette til mora, men ho berre ler. Han vil sove med døra på gløtt, slik at Tiger kan komme inn. Døra opnar seg ørlite, men det er ikkje Tiger. Dette er starten på ei lang rekke uforklarlege hendingar. På skolen er han ofte trøytt fordi han ikkje har sove, men glad for at han får sitje ved sida av søte Nila.
Så ein dag kjem historia om Trollmoll fram, sjølv om morfar helst ikkje vil fortelje. Trollmoll er spøkelse som drep barn ved å synge. Lyden dei lagar, smeltar hjartet til barnet. Berre ved å drepe eit barn kan Trollmoll slutte å vere Trollmoll og døy heilt på ekte. Morfar prøver å overtyde Ada og Birk om at det ikkje finst fleire Trollmoll på øya deira. Dei andre elevane på skolen synest at Ada oppfører seg merkeleg, og Birk synest ikkje det er like lett å finne på noko saman med ho som det var før.
Men kan det vere sant at Trollmoll ikkje finst? Birk og Ada opplever at det er så mykje underleg som hender; dei kjenner lukt av rote kjøt, det kjem plutselege lysglimt, dei høyrer lyden av surt felespel, dei meiner ting flyttar på seg, og Birk opplever det som om det brenn i brystet hans. Birk synest at det skjer mykje merkeleg i huset til morfar, og særleg på rommet hans. Men dette må då ha ei forklaring?
Ein dag finn Ada ein stein ved det gamle kvernhuset. På den står det med små, svarte bokstavar: Lina f. 1910 d. 1922 og Kvil i fred, engelen vår. Jenta hadde berre blitt 12 år gammal. Kva hendte med ho, den gongen for hundre år sidan?
Trollmoll er ein spennande roman, og litt skummel. Forteljinga har eit eventyrpreg, der den unge guten blir sett på prøve overfor skumle og farlege krefter, og der det til slutt ikkje er anna løysing enn å gå trollskapen i møte og kjempe. Men her er det ikkje like klart som i eventyra kven det er ein kan stole på, og kven ein må kjempe imot. Det er derimot stor usikkerheit og mistanke til at fleire personar kan vere involverte. Og slutten er meir open enn i eventyra.