Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Atle Hansen: Alexander er forelska i Live

Jonas, Live, Alexander og Kevin er alle elevar på vidaregåande skole. Jonas og Live har vore veldig gode vener sidan dei var små. Alexander er ny på skolen og er forelska i Live. Live liker merksemda ho får frå han, men ho er forelska i Kevin. Jonas, som er eg-forteljaren, forstår slett  ikkje kva Live ser i Kevin.

Faren til Jonas er fotballtrenar, og Jonas har vore ein fotballgut, men treivst ikkje lenger saman med dei andre gutane. For faren hans er fotball det viktigaste i verda. Han fortel at dei har fått ein ny spelar på laget, Kevin. Han er ein god fotballspelar, men han har ord på seg for å vere ei bølle. Jonas går i staden på kunstfag på kulturskolen, og der er han einaste guten. Jonas lagar ei teikning av Alexander, og sender denne på snap til Live. Han får eit bilde av Kevin på fotballtrening tilbake.

Live overtyder Jonas om at han må bli med på festen på laurdag. Det er ikkje ofte at han vil gå på fest, men nå kjem Alexander til å vere der. På festen er det mange som dansar, og Alexander dansar med ei jente som kyssar han. Jonas berre ser på og kjenner at alt visnar i han. Han tenker på at det berre er han som ikkje er par. Etterpå dansar Alexander tett med Live, og Kevin blir veldig sjalu. Jonas vil gå, men Live stoppar han og gjev han meir å drikke, og nå skyt alle forviklingane fart.

Så skal det vere fotballkamp, og Jonas og søstera bestemmer seg for å sjå på. Her speler Alexander og Kevin på kvart sitt lag. Dette blir litt av eit oppgjer!

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker