Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bjørn Sortland: Nidhoggr

Rasmus har sete i fengsel, og Marie har besøkt han. Ho har ikkje snakka under rettssaka og ikkje så mykje etterpå heller. Marie kjenner ei sterk uro og er alltid på vakt. Bortsett frå når ho er i svømmebassenget og stuper frå ti-meteren. Ho vil helst vere aleine og usynleg, og liker dårleg når det ringer frå eit ukjent nummer. Då det ringer for sjuande gong, svarer ho. Det er professor Finn Baal som spør om ho kan filme han dagen etter ute på Slåtterøy fyr. Ho skal få 30 000 for jobben, men det er på vilkår av at filminga kan skje dagen etter. Det er eit så godt tilbod at ho ikkje kan seie nei.

Vi får nokre hint utover i romanen om kvifor Rasmus sat i fengsel og kva som har hendt med han, men vi veit ikkje sikkert. For korleis veit Baal at Marie lagar film, og kvifor veit han så mange detaljar både om Rasmus og henne? Marie forstår lite av kva det er ho skal lage ein film om, og kva Baal vil, men han seier då at folk ikkje forstår at alt snart er for seint: «Å øydelegga natur, drepa dyr, køyra så uforsvarleg at ein for eksempel drep eit lite jentebarn».

Det er eit furutre på øya som Baal insisterer på at er Yggdrasil. Der har han hengt opp ulike gjenstandar. Han sjølv insisterer på at han er ormen Nidhoggr, som bur under den eine av røtene til Yggdrasil, og han tar på seg ei heimelaga maske og seier ho skal halde fram med å filme. Dette er berre starten på ei rekke underlege utsegner om trugsmål og hemn, og Marie er redd og har mest lyst til springe det ho kan derifrå. Ho har fått sendt ei melding til bestefaren om situasjonen, og han melder tilbake at det ikkje finst ein professor Baal. Så forsvinn mobildekninga …

Sortland kallar romanen thriller, og han har skrive ein spennande og intens roman. Lesaren kjenner godt den uhygga eg-forteljaren Marie også kjenner på. Her er også fleire uventa vendingar, ting er ikkje slik vi først trur, så uvissa og spenninga held seg til siste side. Romanen er delt inn i mange svært korte kapittel, har fine illustrasjonsbilde og er lettlesen og medrivande.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker