
Bobler frå djupet er ein ny antologi med teikneseriar på nynorsk. Teikneseriane er særleg retta mot elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule. På teikneseriesidene til Nynorsksenteret kan du lesa seriane frå heftet. I tillegg finn du undervisningsopplegg til heftet.
Antologien inneheld desse seriane:
- «Cordelia» av Johanne Eikå Bergill
- «Bjartmann» av Øystein Runde
- «Kongen i havet» av Katarina Aasgaard Strømsvåg
- «Jojo» av Ida Neverdahl
- «Dunce» av Jens K. Styve
- «Freden» av Jey Levang



