Brynjulf Jung Tjønn har etablert seg som forfattar for både vaksne og unge gjennom fleire bokutgjevingar. For ungdomane i skulen er han kanskje mest kjend for lyrikkbøkene Kvit, norsk mann (2022) og Norsk kjærleik (2024). Med den tredje ungdomsromanen sin, Bøen, held Jung Tjønn fast ved tema som utanforskap og identitet.
I romanen møter vi hovudpersonen Agnar, som er tenåring og einebarn. Han bur på slektsgarden saman med foreldra sine. «Dette er di slektshistorie, din arv», seier faren, men Agnar føler seg ikkje heime på garden. Så kom han heller ikkje roande med båt, slik farfaren gjorde. Han kom med fly austfrå.
Det at Agnar er adoptert, ligg som eit bakteppe for det vanskelege forholdet til faren. For Agnar er ikkje den odelsguten faren hadde sett føre seg. Han har langt, glatt, svart hår, er gyllen i huda og har verken motet eller musklane til faren. Attpåtil syng han med ei nydeleg, lys stemme. Mora til Agnar er heller ikkje lukkeleg på garden og i samlivet med faren. Ho kan halde seg i dagesvis på soverommet, og nokre gonger reiser ho vekk i lengre periodar. Men når ho først er til stades, spreier ho tryggleik og glede. Agnar elskar mor si, og dei deler ein lagnad som bind dei saman.
Faren ber garden og slektshistoria med seg. Han slår bøen, slaktar dyr og saltar kjøt. Agnar prøver å hjelpe til, men får aldri godt nok til desse praktiske oppgåvene. Ved sida av faren kjenner Agnar seg liten. Faren kastar så lange skuggar over alt rundt seg.
På bøen ligg farfaren til Agnar gravlagd, det er i alle fall det faren fortel han, men han er ein mann ein ikkje alltid kan stole på. Det kviler noko uhyggeleg over garden i nærværet til faren. Når han er til stades, skapar naturen og tilværet seg om og blir mørke og trugande. Stundom drøymer Agnar og mora seg vekk til eit eventyrland der alt lov, og alt er godt. Heldigvis har dei kvarandre å varme seg på.
Agnar finn god støtte i nabojenta Vera. Familien hennar har lenge visst korleis det står til heime på garden. Det ligg ein tryggleik i å vite at nokon veit. Vera står ved sida hans når Eivind plagar han òg, men alt klarer ho likevel ikkje å verne han mot.
Gjennom romanen blir forteljinga broten opp av korte minne frå då Agnar var liten. Desse minna gjev lesaren ei djupare forståing av barndomen til Agnar enn det notidsforteljinga gjer. Kvart minne er vakkert illustrert av Per Dybvik, som klarar å fange sentrale moment i minna til Agnar. Det er svært godt utført.
Brynjulf Jung Tjønn brukar eit biletrikt språk som gjer kjenslene og tankane til Agnar svært tilgjenglege for lesaren. Bileta er enkle og talande. Mora er forbunden med det mosemjuke og varme, faren med den mørke og trugande skogen, røter som flettar seg, stein og spytt. På dette viset blir naturen ein del av måten Agnar opplever menneska rundt seg på. Språket gjer forteljinga sanseleg og fører lesaren tett på både frykta og lengselen til hovudpersonen. Gjennom Agnar sin synsvinkel får vi kjenne på kor vondt det er å føle at ein ikkje høyrer til, og kor mykje tryggleik frå eit anna menneske kan bety. Romanen opnar dermed opp for nokre refleksjonar og erfaringar som er svært verdfulle.
Jung Tjønn har skrive ein kjenslevar og gripande roman som det er vanskeleg å ikkje bli påverka av. Romanen er kort, berre på hundre sider, men er litteratur som gjev svært gode rom for tolking og refleksjon kring tema som mange ungdomar vil kjenne seg att i. Særleg språket og skildringane løftar forteljinga til å bli noko meir enn berre ei historie om det å vere annleis. Det er ei kunst å skrive godt for ungdom, men Jung Tjønn meistrar godt å skrive lyriske, tilgjengelege tekstar om krevjande tema retta mot aldersgruppa.
Ungdomsromanen Bøen eignar seg godt til både høgtlesing og nærlesing i klasserommet. Her får elevane ei forteljing med mykje å utforske, både i språket og i temaa som blir tekne opp.
Romanen er den tredje boka Jung Tjønn har skrive for ungdom, men denne romanen vil også vaksne ha glede av.
Intervju med forfattar Brynjulf Jung Tjønn
Kvifor bør ungdom lese boka di?
Eg trur Bøen handlar om noko grunnleggande som dei fleste funderer på: Kven er eg, og kva skal eg bli? Ikkje berre når det gjeld yrke i framtida, men også som menneske og person. Skal eg la andre sine forventningar styre framtida mi, eller skal eg følge den vegen eg sjølv aller helst vil? Eg skriv som oftast om identitet og utanforskap, noko som også står sentralt i Bøen.
Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
Når eg skriv for ungdom, forsøker eg å gå tilbake til den grunnkjensla eg sjølv kjende på då eg var ung. Og då eg var ung, levde eg på ein gard, men drøymde om å kome meg bort. Så denne grunnkjensla er utgangspunkt for Bøen også. Det dukka plutseleg opp ein karakter som likna litt på meg, men som også er annleis. Og han er i konflikt med far sin. Eg prøvde å finne ut kva som hadde skjedd, og kva som ville skje gjennom skrivinga.
Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?
Eg skriv ganske likt, uansett om eg skriv for ungdom eller vaksne. Så eg trur både unge, men også vaksne, kan ha glede av boka.
Kva meiner du kjenneteiknar ei god bok for ungdomar?
Eg tenker det finst ulike kvalitetskriterium avhengig av sjanger. Sjølv skriv eg realistiske bøker, der eg prøver å skape spanande og attkjennelege forteljingar med godt språk. Elles tenker eg at «ekte» er eit godt kvalitetskriterium akkurat no. Ei bok skriven av eit menneske som har slite og strevd med å få orda på plass over lang tid. Ei bok som gjerne kan vere ujamn og ha svake sider. For det er slik det er å vere eit menneske også.
Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse denne målgruppa om å lese, og kvifor?
Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof. Ei bok som eg framleis tenker på, mange år etter at eg las ho – om rasisme og det å vekse opp som minoritet i Norge.



