Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Brynjulf Jung Tjønn: Kvit, norsk mann

I diktsamlinga møter vi eit lyrisk eg som skriv om erfaringar han har gjort seg i møte med andre menneske. Han er adoptert og har asiatisk utsjånad, og alt som liten ønskte han seg at han var ein kvit norsk mann, fordi han ikkje kjente til andre som såg ut slik som han. Han liknar ikkje på Oddvar Brå eller Thor Heyerdal, og skjønar at han ikkje har dei same sjansane som andre ungar til å hevde seg.

Det utfordrande spørsmålet «Kor kjem du eigentleg frå?» gjer at han alltid kjenner på at han ikkje er skikkeleg norsk eller høyrer heime i Noreg. Han blir tillagd eigenskapar og tankar han ikkje har, og har alltid kjensla av å ikkje passe inn. Først og fremst er han inderleg lei av slike spørsmål  – «slutt å minne meg på det eg ikkje blei». Han samanliknar adoptivbarna med andre merkevarer frå Korea, som Samsung og Kia, og tenker at barna er eksportartiklar på same måten. Han er bestilt frå utlandet som ei anna vare, men utan brukstilvising og returrett.

Han trekker fram kvardagssituasjonar der han blir snakka engelsk til, blir tatt for å vere avisbodet, ropt ching-chong-kinamann etter eller spurd om han trivst i Noreg. Det kan vere umedvitne kommentarar, slike som ikkje er vondt meinte i seg sjølv. Men når det blir mange nok av dei, blir det altfor mykje.

Han skriv om drapssakene mot Arve Beheim Karlsen, Benjamin Hermansen og Johanne Ihle-Hansen. Alle ungdommar drepne av norske rasistar. Han kjenner slektskapen til dei, og skriv seg inn i eit dikt der han spring saman med Arve Beheim Karlsen. Her får han godt fram kontrastane mellom dei to adopterte gutane og det idylliske vestnorske fjordlandskapet, og kontrastane i korleis det enda ulikt for dei.

Han trekker trådane tilbake til oppveksten sin, og den gongen han kom til Noreg: «men nokon / må ta til takke / med eit gjenbruksbarn / eit annanrangs barn / eit barn som ingen eigentleg ville ha / eit barn som var til overs». Han kom til foreldre i Sogn som dreiv ein gard, og som ønskte seg ein odelsgut. Han skjønar fort at han kjem til kort: «alt det som eg ikkje kan / alle desse produktmanglane eg har». Han er komen til ein stad «der ingen skulle tru han kunne bu», og klarer ikkje å fylle den forventa rolla som odelsgut. Han skriv at han har ti tommeltottar, allergiar og laktoseintoleranse, og ingenting av dette høver på ein gard.

Han møter ei kvit, norsk jente, dei giftar seg og får barn, og han fortel om bekymringa for barna sine og korleis dei vil få det, om dei vil bli behandla som hybridbarn. Synet av dei glade barna sine på garden i Sogn, gjer at han tenker tilbake på dei tidlegare generasjonane på garden.

Desse dikta er lett tilgjengelege for ungdomslesaren, språket er både kvardagsleg og poetisk, utan vanskelege metaforar og symbol. Dikta er tankevekkande for alle som les dei, vi har vel alle spurt om eller sagt noko vi ikkje burde, til folk med ein annan utsjånad, enten av nysgjerrigheit eller ut frå fordommar. Uansett så blir det opplevd som kvardagsrasisme. Dikta treffer oss i magen, vi som les, kjenner oss skuldige. Vi blir minte på utfordringane det er å leve i Noreg utan å vere etnisk norsk. Dette er gode dikt som handlar om rasisme, identitet og tilhøyrsle, og dei eignar seg svært godt i undervisningssamanheng.

To dikt frå diktsamlinga, lesne av forfattaren:

Nokre av dikta i diktsamlinga

Brynjulf Jung Tjønn på NRK Radio: Dødsfallet til Arve har fulgt meg (Brenner deler dikt)

Fleire boktips

Tor Arve Røssland: Overleve 2
spenningsbøker
Martin Baldysz: Vardane
unge vaksne
fantastisk litteratur
fantastisk litteratur