Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik

Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleikBrynjulf Jung Tjønn (fødd 1980) er ein allsidig forfattar som skriv både for barn, ungdom og vaksne. Han er oppvaksen i Feios i tidlegare Sogn og Fjordane, og bur i Oslo. Den kritikarroste forfattarskapen speglar bakgrunnen Tjønn har som adoptivbarn frå eit asiatisk land, og kjensla av utanforskap og jakta på identitet og tilhøyrsle. Forfattarskapen speglar også behovet for kunnskap som fremjar antirasisme. Denne kunnskapen kan bli formidla til dine elevar i ditt klasserom. Tjønn viser oss også korleis lesing og skriving kan fungere som terapi, avdekking av blindsoner – og grunnlag for medkjensle og forståing.

Sjå føre deg ei elv som renn. Ustoppeleg. Kvernande. Vital, og med spenn. Tidvis mild, tidvis stri – ho kan gi og ta – ho kan nærmast tørke ut – og ho kan gå over sine bredder. Djupna er uklar når vi ser og opplever ho frå overflata.

Elva er der. I ulik grad av rørsle.

Slik kan også stress, traume og uløyste eksistensielle spørsmål kverne og spenne i eit menneske. Spørsmål som igjen, i ulik styrke og nyansar, kan handle om liv og død.

Og som med kjærleik og omsorg i større grad kan finne forsoning, heiling og framtid.

Så les du Brynjulf Jung Tjønn sin tematiske, men frittståande oppfølgjar til diktsamlinga Kvit, norsk mann. Oppfølgjaren heiter Norsk kjærleik. Framsidene, titlane, tema og motiv kvernar og spenn mot kvarandre i begge samlingane. Nektarinen som kviler i den vesle barneneven til Tjønn. Det rasistisk motiverte dødsfallet til Arve Beheim Karlsen i Sogndalselvi i 1999. Begge desse skilsettande hendingane er med i samlingane. Det same er avdekte og kritiske sider ved adopsjonspraksisen frå Sør-Korea til vestlege land gjennom mange tiår.

I Norsk kjærleik er det likevel og nettopp kjærleik som renn som ein klar straum gjennom diktsamlinga. Tjønn går igjen i djupna på si eiga livshistorie, og opp og fram kjem dikt som fløymer i spennet mellom vest i Noreg og sør i Korea. Dikta har narrative element frå Tjønn sitt verkelege liv og går i djupna der det gjer mest vondt. Med si særeigne stemme, ro og nøysemd skildrar Tjønn det nærmast umoglege spennet som er ved å vekse opp som ein gut fødd i Korea og adoptert som odelsgut til ein gard på Vestlandet.

Han gjer ei av blindsonene i samfunnet vårt tilgjengeleg på ein gjennomarbeidd, tydeleg og varm måte. Den stødige og gjenkjennelege stemma til Tjønn fylgjer meg trygt gjennom lesinga. Det gjer vondt, og vi får vere med på eit forløysande utpust omfamna av kjærleik til sin eigen skjebne og sine nære i siste delen av samlinga. God lesing!

for barn kan reise seg
om og om igjen
og eg vil bli kjøpt
om og om igjen

Fleire boktips

Erlend Skjetne: Størst og minst
intervju
Terje Torkildsen: Jernvilje
spenningsbøker
Therese Garshol Syversen: Eg skal rive deg i filler
intervju
Anders Totland: Til døden skil oss
humor