Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erlend Skjetne: Eit anna blikk

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no: Undervisningsopplegg til Eit anna blikk

Forteljinga startar på mørkaste vinteren, og vi følgjer eg-personen Anwar frå Afghanistan, som er nykomen til eit mottak i ei lita bygd i Nord-Noreg. Han er i dårleg fysisk form på grunn av sjukdom. Ein dag kjem Walid. Dei to gutane deler rom, og på mottaket bur mange unge menn frå Afghanistan.

Det er dårleg standard på mottaket og skolen, rotete og skite og manglande vedlikehald. Lyspærer blir ikkje skifta, og det kjem ikkje nye bordtennisrekkertar. Dei tilsette blir namngjevne som Sjeiken og Isbjørnen, og dei har eit distansert forhold til gutane som bur der. Dei er mest opptekne av at reglane må følgjast.

Det blir utfordrande for Anwar og Walid å dele eit rom som er så lite.  Sjølv om dei to gutane kjem frå same landet, er dei veldig ulike. Walid har snudd døgnet og har mareritt om nettene. Dei blir sitjande altfor mykje på rommet utan noko å ta seg til. Kva skal ein gjere med alle desse timane? Det heiter å ha fri, men kva skal dei med det? Juleferien opplever dei som endelaus lang. Etter kvart blir dei gode til å gjere ingenting.

Anwar sit ofte og ser ut vindauget og filosoferer. Han tenker på kva det kan tyde å miste nokon, og at dei afghanske gutane har mista mykje. Han funderer også over det såkalla norske demokratiet og kva underlege utslag det kan få. Han uroar seg mykje for Walid, og skriv i ei kladdebok han har fått av læraren. Anwar blir kalla professoren av dei andre fordi han er interessert i bøker og å lære seg norsk, og han hjelper dei andre med å forstå.

Trass i ulikskapane utviklar det seg ein vennskap mellom dei to, og Walid forsvarer Anwar når dei andre ser ned på han fordi han er hazara. Læraren deira er opptatt av at dei skal markere den samiske nasjonaldagen, og Anwar tenker på at det er mange likskapar mellom samar og hazarafolket, og drøymer om å gifte seg med ei samisk jente.

Ein av dei få aktivitetane gutane på mottaket vil gjere, er å spele fotball. Anwar er ikkje med, han går rundt banen på den kvite stripa, medan Walid er den beste spelaren. Anwar oppfattar fotballen som ein krig, Afghanistan mot Afghanistan, fordi dei alltid blir svært usamde om laginndeling og reglar. Då dei seinare skal spele mot norske gutar frå vidaregåande, utviklar det seg til slåstkamp, og for Anwar er dette som eit mareritt. Han unngår som best han kan dei norske ungdommane og kommentarane deira, og tenker at alt blir gale, uansett.

Romanen skildrar på ein utmerkt måte stillstanden og tilstanden på mottaket. Skjetne får godt fram korleis tida går uendeleg sakte. Det blir mykje venting på at noko skal hende, men mest av alt på brevet frå UDI med avslaget om opphald. Dei ventar på at våren skal komme. Innimellom eksploderer det mellom gutane når situasjonane blir for vanskelege å takle. Her er mange tragikomiske situasjonar, som oftast har grunnlag i språklege mistydingar. Dei har lært seg at replikken «Unnskyld, kan du gjenta» er nyttig å kunne, men det er jo ikkje ved alle høve han passar like godt! Anwar tenker at han er ei omvend svane som kom om hausten og må dra om våren. Han ser Walid som ein gråsporv eller ei kongeørn. Dette er gode og skildrande  metaforar.

Anwar tenker på situasjonen deira: «Er det overhovudet mogleg å finne heilt fram til kvarandre over alle kulturelle vidder og språklege fjell, gjennom dalar av misforståingar og kløfter av feiltolkingar, mellom to land så forskjellige som Noreg og Afghanistan?». Denne romanen er Skjetnes bidrag til at vi kan få innblikk i og forstå kvarandre sin situasjon betre. Denne romanen kjennest altfor aktuell akkurat nå.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker