Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erlend Skjetne: Størst og minst

Erlend Skjetne: Størst og minstFamilien til seksten år gamle Sissel legg alt til rette for dei spesielle behova til storesøstera Åshild. Det er ingen nøklar til å låse korkje rommet eller badet, dei reiser aldri med fly, og Sissel er vand med å greie seg sjølv og ta ansvar for søstera si. Åshild har kognitive funksjonsnedsettingar, manglar språk og treng hjelp til det aller meste. Me følgjer Sissel i ein periode med store omveltingar. Ho har fått tilbod om ein sommarjobb i Kjøllefjord i Finnmark, skal søkje plass på vidaregåande, og ikkje minst: Til sommaren skal storesøstera flytte inn i ein kommunal bufellesskap. Sissel kjenner ikkje til ein familiekvardag utan Åshild, og ho er uroa for det framtidige familielivet utan storesøstera i hus. 

Sissel uroar seg for framtida, andre sine forventningar og inntrykk av ho. Livet til den «alltid nærværande og samstundes litt fråværande Åshild» er ei parallell verkelegheit. Åshild ser verda med eit anna blikk, let seg fascinere av vatn, vind, mjukt hår og pelsen til ein utstoppa grevling. Livet til Åshild skjer berre her og no. 

Tida strekk sjeldan til i familien til Sissel. Livet og utfordringane hennar hamnar ofte i ei blindsone når Åshild krev sitt. I livet til Sissel er drosjesjåføren Dalil den som lyttar til henne på den daglege turen til skulen og ressurssenteret. Med unntak av besteveninna Kristine er det ingen av Sissel sine vener som kjenner Åshild eller tek del i Sissel sitt liv med alt det medfører. Romanen viser korleis nedsetjande språkbruk om funksjonsnedsettingar, blikk og stigmatiserande situasjonar pregar Sissel og hennar eige sjølvbilete. Medan dei andre tenåringane i romanen fokuserer på seg sjølv og sitt, set Sissel ofte sine draumar og ynske i andre rekkje. 

Ungdomsromanen Størst og minst tek lesaren med inn i dei ambivalente kjenslene som oppstår når veslesøster tek rolla som storesøster. I romanen får me sjå at Sissel hjelper til for å avlaste foreldra, avlastarar og andre assistentar. Ho gjer det frivillig, hevdar ho, men blir samstundes sint av å tenkje på alle gongane foreldra har lagt ansvaret på henne. 

Det er vanskeleg å vere veslesøster til Åshild, men endå vanskelegare å ikkje skulle vere det. Romanen gir eit nyansert bilete av oppveksten saman med ei storesøster som ikkje er som andre storesøstrer. Sjølv om romanen viser Sissel sin frustrerande kvardag, er det tydeleg at søskenkjærleiken er stor sjølv om han ikkje er velartikulert: «Åshild sin kjærleik er kanskje enkel, men ikkje overflatisk».

Intervju med forfattar Erlend Skjetne

Foto: Leikny Havik Skjærseth

Forfattar Erlend Skjetne

Kvifor bør ungdomar lese boka di?

Eg vil ikkje gå så langt som til å seia at dei bør gjera det, men om dei vil, er det hyggeleg. Eg trur at det kan vera fint for både ungdommar og vaksne å lesa litt om dei menneska iblant oss som er «mest» annleis, og tenkje på korleis vi møter dei som oppfører seg og uttrykkjer seg svært forskjellig frå det som er vanleg. Eg håper at eg har skrive ei bok som er både trist, varm og litt morosam, og sjølv om ho ikkje er smekkfull av action, trur eg at ein ungdom som tek seg tid til å lesa ho, vil ha glede av å bli kjent med systrene Sissel og Åshild.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Eg skal ikkje leggje skjul på at eg sjølv har ei dotter som kan likne litt på Åshild i boka – skilnaden er fyrst og fremst at mi dotter er sju år gamal, medan Åshild er sytten. Mykje av inspirasjonen har nok kome frå dottera mi, på eit vis, men også frå andre unge menneske med funksjonsvariasjonar som eg har hatt gleda av å møte gjennom ymse foreiningsaktivitetar i lag med dottera mi.

Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?

Eg tippar at ungdommar frå tretten år og oppover vil ha størst utbyte av boka. Om du sjølv kjenner eller er i familie med nokon som liknar litt på Åshild – kanskje har du nokon i klassen din eller på skulen din? – er det sikkert eit pluss. Men eg trur boka kan vera relevant også for andre. Hovudpersonen Sissel har utfordringar i livet som ho deler med mange ungdommar, blant anna tilhøvet til vener og foreldre, stress på skulen og tvil knytt til val av line på vidaregåande.

Kva meiner du kjenneteiknar ei god ungdomsbok?

Eg veit sanneleg ikkje. Dette er den andre ungdomsboka mi, og eg føler meg på ingen måte som nokon meister i faget. Men det er vel kanskje at forfattaren greier å finne det unge blikket og la det styre historia. Når det er sagt, har eg stor tru på at ungdommar er i stand til å lesa og forstå nær sagt alt av litteratur. Så eg synest at ungdomsbøker skal ha tillit til dei unge lesarane og ikkje gjera seg altfor enkle og tydelege. Noko liknande gjeld for så vidt for all litteratur: Fasiten bør ikkje liggje i teksten, den må lesaren få finne på eiga hand, ut frå sine tankar.

Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse ungdomar om å lese, og kvifor? 

Med fare for å høyrast ut som ein amerikanar, klaskar eg til med to titlar frå USA som eg sjølv snubla over som ungdom, og som eg vart utruleg fascinert av. Den fyrste er Truman Capotes Med kaldt blod. Den andre er Paul Austers New York-trilogien, som er tre korte romanar i éin. Ingen av desse bøkene er vanskelege å lesa, men dei er døme på at svært velskrivne, tankevekkjande romanar kan vera minst like spennande som meir typiske krimromanar.

 

 

Fleire boktips

Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik
dikt
Vegard Markhus: Alien i klassen2
6–9
Marthe Holien Bøe: Ni løgner og jakta på eit smil
6–9
Thoralf Fagertun: Kobbs hus
9–12