Eg-forteljaren heiter Johanne og er 17 år. Ho bur på ein gard saman med foreldra sine, og må hjelpe til med gardsarbeidet. Ho er opptatt av å gjere det godt på skolen, for ho har lyst til å studere psykologi. Marte er besteveninna hennar, men ho er meir opptatt av kjærasten sin. Derfor treffest dei ikkje like ofte som før.
Det skal vere fest på andre sida av fjorden, men Johanne er ikkje invitert. Så tar ho kontakt med Linn som ho har gått i klasse med, og Linn inviterer ho med det same. Linn ordnar også med at Johanne får skyss. Til mor si seier Johanne at ho skal til Marte og lese til ei prøve. Dette er ein fest utanom det Johanne har vore på før, det er svært mykje drikking. Johanne blir også med på det, og bli veldig dårleg. Ein annan som er på denne festen, er onkelen hennar, Tor. Han har også tatt godt føre seg av drikkevarene. Dagen etter er det feiring bestefar sin 90-årsdag.
Bestefar bur i nabohuset, og han og Johanne har alltid hatt eit godt forhold. Han forstår at Johanne er i dårleg form, men seier ikkje noko. Johanne angrar på heile festen og alt det ho gjorde der. Ho er redd dei skal finne ut ho har vore saman med Linn. Linn, som har droppa ut av skolen og som rånar rundt i bil. Ei stund etter feiringa av fødselsdagen til bestefar hamnar han på sjukehuset og døyr.
Johanne opplever ei sterk forventning om at det er ho som skal overta garden, og ho er svært usikker på om ho faktisk har lyst til det. Ho begynner også å undre seg over kvifor det ikkje er onkel Tor som driv garden nå, han er jo eldst. Onkel Tor seier at far hans ikkje brydde seg «om slike som meg» og «det er mykje du ikkje veit». Johanne tenker at dette må ho finne meir ut av. Samstundes gjer ho eit lite opprør mot foreldra med å dra på ein hyttetur utan å spørje om lov, ho seier: «Eg er ikkje berre ein slave og ein arving. Eg treng å gjere litt kjekke ting også».
Flote tar opp mange av problemstillingane og utfordringane vi gjerne knyter til ungdomstida, og som mange ungdomsromanar tar opp: drikkepress, røyking, sexpress, utfordringar med vennar, skolegang, sorga og spørsmåla som kjem når nokon døyr m.m. Ein annan tematikk som kjem fram i denne romanen, er spørsmålet om det å overta eit gardsbruk. Det gjeld både den plikta ei ung jente kan kjenne på overfor det tidlegare generasjonar har bygd opp, men også den forventninga ho har om å kunne velje framtida si sjølv.
Utdrag frå boka: