Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Harald Nortun: Skallen. Grøss og gru-serien

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisingsopplegg til Grøss og gru 

Tid for ti:
2022: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka
2021: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Erik er forteljaren, han pakkar klede, sovepose og fiskestong og er klar for tur. Ben og han har begge sagt heime at dei skal til fjorden og fiske, men dei har tenkt seg til Reinsvatnet der dei tidlegare ikkje har fått lov til å dra. Ein grunn til det er at der er svært rasfarleg. Det finst ei gammal segn om at ein røvar har gøymt seg der og går igjen. Det er bratt og langt å gå dit, men dei finn ein utydeleg sti der det er lenge sidan nokon har gått.  Det er heller ikkje mobildekning ved Reinsvatnet.

Då Ben og Erik kjem fram, kjenner dei lukta av bål, men dei ser ingen røyk og ikkje folk. Dei fiskar og diskuterer slukar, men får ikkje napp. Så kjenner Erik bållukta på nytt, og han får ei kjensle av at nokon ser på dei. Så oppdagar dei at det har vore eit bål utanfor ei fjellhole. Dei finn ein knokkel som er like langt som lårbeinet til Ben, og uroa Erik kjenner, vil ikkje sleppe taket.

På morgonen har han fått ei melding, ingen tekst, men eit ikon av ein hovudskalle. Det er ikkje Ben som har sendt meldinga, og litt etter får Ben tilsendt det same ikonet. Det er underleg, sidan dei framleis er utanfor mobildekning: «Røyklukt, bål og meldingar er bevis, nokon ser oss utan at vi ser dei». Ben og Erik finn ut at forklaringa er at det må vere virus. Men så får dei ei ny melding der det står: Ikkje virus. Og bak er hovudskallen. Det blir ikkje betre av at meldingane er skrivne i spøkelsestimen. Dei bestemmer seg for å fotografere med mobilen og ta så mange bilde dei kan, sjølv om det er mørkt. På eit av bilda stikk det fram ein skalle. Kva skal dei gjere no?

Denne romanen er eit godt og spennande tilskot til Grøss og gru-serien, og passar godt for ungdommar som liker ei spennande og underleg historie. Grøss og gru-serien består nå av åtte bøker, alle er lettlesne og fengande.

Fleire boktips

9–12
ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12