Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Helene Guåker: Høgspenning livsfare

Vi ska alla dö en dag. Men alla andra dagar ska vi leva. (Per Olov Enquist)

I Høgspenning livsfare møter vi Lea. Ho kjem frå ein gard. No har ho nettopp byrja på musikk- og dramalinja på vidaregåande skule. Ho bur på hybel og kjenner ingen. Heime på garden ligg mamma i senga. Ho vil ikkje stå opp, uansett kva pappa eller Lea gjer. Kva er det med mamma? Er ho sjuk? Lea gjer kva ho kan for å gi litt av lyset sitt til mamma. For å få venner gjer Lea seg om til Vilde. Smarte, kule og morosame Vilde. Vilde kjem ikkje frå gard. Ho har ikkje ei mor som er sjuk. Vilde blir venner med strålande Astrid. Og Vilde blir kjærast med Halvor. Vilde er sterk og usårleg. Men så byrjar teppet å falle og maska å rivne. Kan Lea stå fram berre som seg sjølv?

Høgspenning livsfare er ei velskriven, tilgjengeleg og viktig bok om maskene vi tek på når vi ikkje trur at å vere seg sjølv er godt nok. Boka tek føre seg mange viktige tema. Ho er presis om å vere ung. Om identitet og ungdomskultur. Det handlar om å passe inn eller tilpasse seg, og å høyre til. Boka tek føre seg psykisk helse hos ein sjølv og nære relasjonar. Om å våge å vere open og vise tillit. Ho skildrar dei ubrytelege banda ein kan kjenne til heimen og familien. Det handlar om vennskap, kjærleik og eigenomsorg.

På slutten av boka gir forfattaren kontaktinformasjon til Kirkens SOS, Mental Helse og LEVE – Landsforeningen for etterlatte ved selvmord.

Romanen er hovudsakleg for lesarar på seint ungdomstrinn og tidleg vidaregåande.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker