Jenni og Dima er bestevenner. Dei går i klasse saman, dei går i teatergruppe saman, og dei deler absolutt alt med kvarandre.
Dei skal starte i tiande klasse, og dei er spente på gutar og skuleball og ferda vidare til vidaregåande skule, alt slikt som jenter i den alderen tenker på.
Men det er noko i gjerde heime hjå Dima. Faren vert stadig mørkare til sinns, og ein dag dukkar politiet opp. Faren var uærleg i asylsøknaden, og no skal heile familien kastast ut av landet.
Jenni vert rasande. Dette kan ho på ingen måte godta. Men kva har ein å stille opp med?
Dette er ei velskriven og tankevekkande bok om ei problemstilling som stundom dukkar opp i norsk asylpolitikk. Det hender at barn som har levd nesten heile livet i Noreg, vert kasta ut fordi foreldra oppgav feil opplysingar i asylsøknaden. I Ingen kan nå oss kan lesaren leve seg inn i tematikken gjennom auga til den norske venninna.
Utdrag frå boka:



