Eg trør i veg mot stranda. Freser fram gjennom skumringa i den varme seinsommarkvelden. Drit i om eg blir sveitt, for eg har ei kjensle av at det hastar. At noko er heilt gale. Pernille har nesten ikkje svart på meldingane mine i sommar. Det er som ho har gløymt meg mens eg var på den eviglange ferien med pappa. Men no er eg jo heime igjen. Likevel svarte ho berre «OK» på meldinga om at eg er på veg.
Frå første side blir vi dregne rett inn i ungdomsromanen til Ingelin Røssland. Historia blir fortald av Ida som alltid har vore besteveninna til Pernille. Sommaren før dei skal starte på 10. trinn, har Pernille endra seg. Ho har byrja å henge med Thea og Naomi som er dronningane i klassen. Pernille har endra både stil og veremåte, og ho har byrja å drikke alkohol. Ein dag oppdagar Ida at Pernille tek bilete av seg sjølv i berre stringtruse. I det gamle klubbhuset står ein kommode der det viser seg at Pernille har gøymt både dyrt undertøy og eit skrin med mykje pengar. Det viser seg at Pernille har selt dei brukte trusene sine til menn som ho har møtt via nettet. Ida vert redd for veninna si, og mistenker at det ligg meir bak. Korleis kan Ida bevise for Pernille at dette er farleg? Ida opprettar ein eigen sugardating-konto for å avsløre at der eigentleg berre er gamle grisar som vil utnytte unge jenter.
Pass dine eigne saker er ein medrivande og lettlesen ungdomsroman. Boka er eit samarbeid med Stiftelsen LESE. Ho er skriven etter ei idémyldring med elevar på 10. trinn frå 2008-kullet ved Tysnes skule. I prosessen fekk 2008-kullet, deretter 2009-kullet og norsklærarane Elin Bergesen og Toril Lande, kome med tilbakemeldingar, forslag til handlinga, innspel på språk, tittel og omslag. Det har bidrege til å skildre eit realistisk ungdomsmiljø og språk.
Pass dine eigne saker handlar om ungdomar sitt ønske om å høyre til, og risikofylte val som dei tek på vegen.
Intervju med Ingelin Røssland
Kvifor bør ungdomar lese boka di?
Eg er litt forsiktig med å meina at ungdom og folk sånn generelt bør noko som helst. Men viss dei er ute etter ei bok som er litt utfordrande, morosam og går kjapt å lesa, så kan dei trygt lesa Pass dine eigne saker.
Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
Djupast sett at både ungdom og ikkje minst vaksne kan vera raskt ute med å fordømma andre. Sluttar aldri å bli fascinert over folk som seier at «det kunne eg aldri gjort», for eg trur at dei fleste av oss er truande til det meste. Og så spurde eg meg sjølv: Kunne eg ha gjort dei tinga som både Pernille og Ida i boka gjer? Og ja, det kunne eg sikkert gjort. Kan i alle fall ikkje garantera at eg aldri kunne funne på noko liknande. Og når eg skreiv, heldt eg meg lojal mot Ida og Pernille. Det skumlaste med å skriva denne boka var faktisk ikkje at nokon skal få for seg at eg har gjort noko liknande, eller kunne gjort det, men at dei som les boka, får ei kjensle av at dette er ei kjempeviktig bok som fordømmer litt ugjennomtenkte handlingar som å selja skitne truser på nett.
Når ein skriv om brennbare tema som trusesal og sugardating, er det alltid ein fare for å framstå som spekulativ og at ein kastar seg på eit aktuelt tema. Eg hadde derfor mykje tvil i denne prosessen. Samtidig trur eg på at viss eg greier å skriva ærleg om det, anerkjenna at det kan vera spanande og lokkande aspektet ved det, så vil boka kunna gjera ein jobb. Fordi når eg lever meg inn i ei historie som dette, så gjennomlever eg det heile, og eg håpar lesaren gjer det same. Så når vi kjem ut på andre sida av boka, så har vi vore gjennom alle freistingar og moralske dilemma saman, og skulle vi møta på liknande situasjonar i det verkelege livet, så er vi no førebudde. Gode bøker kan på den måten vera ein slags «vaksine» mot å gjera dei største brølarane der ute i det verkelege livet.
Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?
Dei som likar å lesa om drama og forviklingar med ein dæsj humor. Det kan aldri bli for vondt og pinleg, men ein må kunna le av galskapen også.
Kva meiner du kjenneteiknar ei god ungdomsbok?
At ho er ærleg og ikkje kjem med ein moralsk peikefinger. Ei god bok (uansett målgruppe) har tru på at lesaren kan tenka sjølv.
Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse ungdomar om å lese, og kvifor?
Det blir gitt ut så mange gode bøker for tida, ikkje minst på nynorsk: Ned i skjul av Helene Guåker og Hjartespreng av Inger Johanne Sæterbakk er i alle fall to bøker eg vil tipsa om.



