Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Inger Johanne Sæterbakk: Hjartespreng

Opplegg til boka:
Arbeid med boka Hjartespreng

Inga liker Nils. Men det er det fleire jenter som gjer. Inga og Nils har alltid kjent kvarandre, dei er naboar og tar den same bussen til skolen. Det er måndag morgon i det forteljinga startar, men Nils dukkar ikkje opp. For Inga er midttimen måndag den verste timen i heile veka. Då blir dei spennande opplevingane i helga delte, men Inga har ingenting å fortelje. Ho har ikkje opplevd noko særskilt, og synest ikkje at ho får skikkeleg dreis på det å vere 16 år. Ho samanliknar seg med dei kule jentene i klassen, og Eva er den kulaste av alle.

Besteveninna Jenny og familien har dessutan flytta inn til sentrum i løpet av sommaren. Så ho er heller ikkje med skolebussen lenger. Jenny skulle ha overnatta hos Inga i helga, men blei sjuk. I midttimen kjem det fram at Jenny også har vore på den same festen som dei andre jentene. Inga kjenner seg svikta. No er det tid for ny fest, russefesten på fredag. Eva inviterer på vors, og ho seier at Inga også må bli med. Men Inga er usikker: «Eg skammar meg over alt eg ikkje har talent for. Å kysse, drikke, vere på fest. Vere 16 år».

Men då Nils også spør om ho ikkje vil bli med på festen, endrar Inga meining. Ho får han til å love at dei skal henge saman då. Nils spør om ein annan ting også, om ho vil bli med opp til den gamle speidarhytta og hjelpe han å vaske og rydde der. Plutseleg har Inga to planar denne veka, og ho begynner å gle seg.

Kalle er den gode naboen til Inga. Han er 70 år, men dei to har mykje å prate om, og Inga hjelper han med saker og ting. Ho går ofte tur med Fritz, hunden hans. Dei ryddar i gamle foto, og Inga finn eit bilde det det står «La elva leve». Og Kalle fortel at han var med på demonstrasjonane mot utbygginga av Alta-elva rundt 1980. Så fortel han om ein gammalkjærast han hadde då, og som fann seg ein annan medan han sjølv sat i fengsel. I det same ringer telefonen hans, og etterpå fortel han at han må reise til byen nokre dagar.

Inga synest dette er vanskeleg å få til å stemme, og veit ikkje lenger kva ho skal tru om Kalle. Ho har lova å passe hunden og ta inn posten medan han er borte. Ho grublar mykje på det han sa om at han hadde vore i fengsel. Kva er det han har gjort? Då ho og Nils er ved speidarhytta, seier Nils: «Vi må finne ut kva han har gjort … Det er ikkje bra for fantasien din ikkje å vite det». Men ho får ikkje spurt Kalle igjen, han har reist bort, og ingen veit kvar han er, eller når han kjem tilbake.

Dagen for festen nærmar seg, og Inga er spent. Ho håpar med heile seg at det blir ein fin kveld og at ho får vere saman med Nils. Ho har bestemt seg for at ho skal vere modig og kysse han, men kva om han er saman med ei anna?

Alle som er eller har vore tenåring, kan identifisere seg med Inga. Sæterbakk skildrar godt den usikkerheita og den manglande sjølvtilliten Inga kjenner på, at ho ikkje er like kul og interessant som dei andre jentene. Sæterbakk får også fram korleis ein kontakt med ein i ein heilt annan generasjon kan vere veldig givande og meiningsfull for begge partar. Hjartespreng er ei godt komponert og medrivande forteljing, og vi blir spente på å få vite korleis det går med Inga.

Fleire boktips

Magnhild Bruheim: Stjernefallet
krim
Marit Eikemo: Vi er brødrene Eikemo
unge vaksne
Martin Baldysz: Fallgard
unge vaksne
Lars Erik Helgemo og Markus Pedersen: Udugelege heltar volum 3: Endelaus
teikneseriar