Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Jesper Nicolaj Christiansen: Eplet

Eplet«Eg er ikkje i tvil. Ikkje eit snev. Viss eg tek med meg det eplet til dei, får eg fred resten av sommaren.»

Det er sommarferie og sju veker utan skule. Den einaste i gata som ikkje boltrar seg på kritkvite strender eller snorklar etter fisk, er Kristoffer. Alle dei andre er på spennande feriar. Eller nesten alle … Kan det skje spennande ting heime?

I nabolaget der Kristoffer bur, er det eit kloster med ein stor frukthage rundt: Paradiset. Det er eit gamalt nonnekloster, og mange snakkar om det skumle og mystiske som har skjedd der inne. Kristoffer kjem i trøbbel med nokre eldre gutar i gata og blir pressa inn i klosterhagen for å stele eple. Innanfor det høge klostergjerdet er spenninga til å ta og føle på.

Eplet er ein del av Samlagets Leseland for eldre barn og ungdom. Bøkene er rikt illustrerte med inspirerande og tankevekkjande lesestoff. Dei kombinerer gode og engasjerande historier med lettlesen og innhaldsrik tekst.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12