Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

J.R.R. Tolkien: Ringdrotten

RingdrottenTil norsk ved Eilev Groven Myhren

Storverket til Tolkien, The Lord of the Rings, kom i 2006 i nynorsk omsetjing. Omsetjinga, som har fått tittelen Ringdrotten, er prega av eit uvanleg rikt ordtilfang, og omsetjaren let dei ulike folkegruppene tala ulike variantar av nynorsk og dialekt. Hobbitane talar til dømes halling, alvane talar Aasen-normalen, innbyggjarane i Rohan talar midlandsnormalen osb. Slik vert omsetjinga eit høve for lesaren til å verta kjend med noko av den rikdomen som finst i det norske språket.

I ein artikkel i Språknytt skriv omsetjaren:

Eg vonar Ringdrotten kan syne at norsk, og først og fremst landsmål, nynorsk og ymse målføre, eig eit språkleg mangfald som kan utnyttast til kunstnarleg vinst, slik at ulike stemmer og stillag spelar saman til ein musikalsk og meiningsfull heilskap. Dersom omsetjinga òg kan vera med og bryte ned fordomar, så ikkje nynorsken av rein kunnskapsløyse vert slengd på den historiske skraphaugen eller hamnar på museum, har ho ei viktig oppgåve. Måtte mange finne glede i boka og få del i ein skatt som kanskje har vore løynd for sume.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker