Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kari Mathilde Hestad: Sceneskifte

Alex syklar aleine til speletimen og bandøvinga: «Denne hausten er det ingen som ventar på meg nokon stad. Eg gjer alt aleine». Eg-forteljaren Alex går i tiande klasse. Ho har vore kjærast med Ronja, men Ronja har slått opp med ho utan forklaring. Ronja var redd for at klassekompisane skulle finne ut at dei var kjærastar, og Alex har kjærleikssorg. Etter kvart går det opp for Alex at Ronja har fortalt til dei andre jentene at Alex heng etter ho og ikkje vil gje seg. Det resulterer i sårande kommentarar, blikk og ufine snapar frå jentene i klassen.

Alex prøver å fordjupe seg i gitarspelinga for å unngå dei tunge tankane. Ein dag kjem ein ny gut, Mika, flyttande, og han skal vere med i bandet. Han er skikkeleg kul, og speler bass som ein gud. Han verkar heilt annleis enn andre gutar ho kjenner, og blir kjempeglad når han vil henge med ho. Spelelæraren ordnar med at gruppa skal spele på Halloweenfesten på skolen, så nå må dei øve det beste dei kan dei neste vekene. Alex tenker stadig på Mika, og lurer på om ho kanskje er forelska i han. Ein dag fortel han at han var fødd som jente, men har kjent seg som gut sidan han gjekk i barnehagen. «Det var det eg visste, at Mika ikkje er som andre, men noko heilt eige, open og fri», tenker Alex.

Etter kvart fortel Alex Mika om dette med Ronja, at dei har vore bestevenninner, men ikkje er det lenger. Ho vil forstå om Mika ikkje vil henge med ho, ho er jo absolutt ikkje populær. Men Mika bryr seg ikkje om det, og han insisterer på at ho ikkje heller må bry seg. Ho må drite i alle dei teite kommentarane. Dagen etter tør ho å svare Mathias i klassen kraftig tilbake når han meiner ho kan kle seg ut som traktorlesbe på festen.

Halloweenfesten nærmar seg, men det går ikkje knirkefritt med bandøvingane. Ein dag dukkar ikkje Mika opp, og Mathias som er vokalist, meiner dei ikkje kan stole på han. Kaia vil helst spele klassisk på pianoet, og Bjarte tenker på alt mogleg anna enn å følgje med og spele på trommene. Dette lovar ikkje godt for spelinga på festen.

Alex synest Mika er blitt fjernare, dei treffest ikkje så ofte som før. Ho synest også han snakkar veldig mykje med Ronja, og lurer på kva det er mellom dei. Men ein dag fortel Alex han om meldingane ho får på snap, og han seier dei må finne på noko lurt for å få stoppa dette. Alex seier dei kan ta kontakt med ei i klassen, Fie, som tar hennar parti. Saman legg dei ein plan som dei meiner vil røske opp i forholdet mellom jentene i klassen …

Tittelen på debutromanen til Hestad viser seg å vere fleirtydig, det skjer fleire ulike sceneskifte i løpet av forteljinga. Ho skriv om aktuelle problemstillingar som venskap og uvenskap, sjalusi, mobbing, forelsking, homofili og trans, musikk og om korleis det er å vere på leiting etter den ein verkeleg er.

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker