Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lars Erik Helgemo og Markus Pedersen: Udugelege heltar volum 2: Nevar av stål

Udugelege heltar 2: Nevar av stålHer er den andre teikneserieboka i serien Udugelege heltar. Teikneserien starta som ein nettserie i 2016, og kjem no som ein boktrilogi på norsk. I den andre teikneserieboka får vi vere med superhelt-trekløveret Chrissa, Calvin og Kacker på nye eventyr. Chrissa er supersterk, Calvin er kjent for å kunne fryse ned det meste, og Kacker er eigentleg eit romvesen. Desse tre viklar seg inn i absurde situasjonar. Professor Kløbahl hjelper også til med oppdraga, på klingande Stavanger-dialekt. Han bygger romskip og har ansvar for datamaskinrom og andre utrekningar.  

Sist redda dei sola frå sikker undergang. Denne gongen dreg dei ut i verdsrommet for å hjelpe Kacker med å hente posten sin og slette filene som er lagra om han på romstasjonen Qiel. På Qiel er det forbode å bruke vald, men vi kan røpe at Chrissa får bruke kreftene sine, og at Calvin får fryst ned både det ein og det andre. Kacker får iallfall lese posten sin.  

Denne burleske teikneserien har fart, humor og action. Replikkane til dei udugelege heltane er morosame og underfundige og lokkar fram smilet medan du les. Det kan nok vere lurt å lese volum 1 først, slik at ein greier å henge med i alle krumspringa som skjer i denne boka. Kjedeleg er det i alle fall ikkje. Teikningane til Lars Erik Helgemo er fargerike og fantasifulle, med ein god dæsj av crazy humor. Boka høver kanskje ikkje akkurat for små barn, men for ungdom og vaksne som likar science fiction og teikneseriar med fart og glimt i auget, er ho midt i blinken.  

 

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker