Er du på jakt etter nye teikneserieeventyr med humor, spenning og overraskande vendingar? Då kan du gle deg, for no er den tredje delen av den utrulege historia om superheltane Chrissa, Calvin og Kacker her. Hugsar du kva slags superheltar desse tre er? Chrissa er kjempesterk, noko som har gjeve henne problem. Allereie som barn vart ho fengsla for valdsbruk. Calvin har ei merkeleg evne til å fryse alt, og så har vi Kacker. Kacker er eit romvesen som er svært god til å prate, og å legge planar.
I den førre boka drog dei ut i verdsrommet for å gje seg i kast med postvesenet, og i denne boka dreg trekløveret tvers gjennom galaksen for å finne mega-fienden sin. Chrissa har mista armen, og medan Kacker monterer den nye armen hennar, fortel han om ein gamal studiekamerat, visstnok den største dritsekken i universet, som no går under namnet Megademon. I førre bok fekk Megademon tak i DGS-en, ein glødestein som kan gi makt over heile universet. Dette må sjølvsagt hindrast!
Teikneserien Udugelege heltar har framleis humor, fart, vald og action. Teikningane er kreative, fargerike og varierte, og tekst og bilete spelar godt saman. Dialogen i teikneserien er i ei klasse for seg, med stadige ordspel, mykje galskap og humoristiske vendingar. Teikneserien passar godt for eldre born og ungdomar, men også for vaksne.
Andre bøker i serien:
Udugelege heltar, Volum 1: Stiv kuling
Udugelege heltar, Volum 2: Nevar av stål