Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lars Erik Helgemo og Markus Pedersen: Udugelege heltar

Supersterke Chrissa kom i fengsel allereie som 5-åring. Etter at ho har vore 15 år i fengsel, tek Kacker ho imot på utsida. Han treng nemleg hjelp av Chrissa for å redde sola. På oppdraget får dei med seg iskalde Calvin som må ha på seg ei kuldeabsorberande drakt. Trekløveret møter på fleire hindringar undervegs i oppdraget. Universet er i kaos, heltane er udugelege, og planen for å redde alt finst ikkje eingong.
Udugelege heltar, Volum 1: Stiv kuling er ein actionfylt teikneserie for ungdom og vaksne. Lars Erik Helgemo har laga fantasifulle teikningar, og god variasjon i perspektiv og utsnitt skaper levande sider med fin flyt. Samspelet mellom teikningar og tekst fungerer godt, og dialogen til Markus Pedersen er full av humoristiske ordspel.
Udugelege heltar starta som ein teikneserie på nett i 2016, og no har dei altså kome med si første teikneseriebok.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker