Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lars Mæhle: Landet under isen & Dødeboka

Opplegg til boka:
Les for livet: Opplegg til Landet under isen

Mange etterlyser nynorske fantasy-bøker for ungdomar. Ein fin stad å byrja kan vera romanen Landet under isen av Lars Mæhle. I boka møter me Leo Rubin, som oppdagar at han er den utvalde som må frigjera verda frå grepet til den svarte munken.

Boka vann litteraturprisen til Kulturdepartementet for beste barne- og ungdomsbok 2009, og juryen skriv:

«En ambisiøs roman med god driv og mange plan. Boka kombinerer fantasy- og krimsjangeren, inneholder et spennende filosofisk aspekt og diskuterer religiøse og politiske tema. Det lokale, det historiske og det universelle forenes, og dagsaktuelle spørsmål settes inn i en større sammenheng.»

DødebokaFem år etter utgjevinga av Landet under isen kom oppfølgjaren, Dødeboka, ut. Leo Rubin, den utvalde, må på ny reisa til Landet under isen. Det som tilsynelatande byrjar som eit oppdrag for å redda to vener, vert etter kvart ein desperat kamp for å hindra at jorda går under, og Leo må kjempa mot både hemmelege sekter, kappekattar, monster og ein gud frå urtida.

Krim-elementa er framleis med, men denne gongen ligg vekta i endå større grad på dei fantastiske innslaga i forteljinga. Mæhle hentar mykje av det overnaturlege i bøkene sine frå gamle religiøse forteljingar, og medan bok nummer éin henta mykje inspirasjon frå dei tre store monoteistiske religionane, er egyptisk mytologi og tilhøvet til dauden eit berande element i andreboka.

Fleire boktips

krim
ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12