Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lars Mæhle: Andromeda

Simon sin strategi er å oppføre seg som ein dritsekk. Nå er han 16 år og har nettopp flytta til den tredje fosterfamilien sin. Han har hamna i bråk og slåstkamp mange gonger, og han meiner slåstinga gjer han godt. Han har bestemt seg for å halde den harde maska når han skal begynne i ein ny klasse. Dette er opptakten til ei veldig spennande forteljing, der hendingane går på livet laus.

På førehand har Simon blitt åtvara mot tre av gutane i klassen, og han oppdagar snart at det er Sindre som er sjefen, og at han har to hjelparar, William og Samuel. Han får også lett auge på mobbeofferet, Pippin, ein liten, spe gut med langt, lyst hår. Simon tenker: «Eg trudde eg hadde full kontroll. Det skulle raskt vise seg at det var langt frå sanninga.» Han veit ikkje korleis han skal takle det å ha møtt overmennene sine, og han veit heller ikkje korleis han skal oppføre seg overfor Kaja. Ho er ei spesiell jente, og ho kjem på besøk til Simon. På rommet sitt har Simon ein stjerne­kikkert, og Kaja veit mykje om himmelrommet. Dei kyssar.

Eitt av tiltaka for eit betre sosialt miljø i klassen, er at dei skal dra på leirskole på fjellet. Her skal dei gå på ski, lære om fjellvett og å grave snøhole. Dei tre tøffingane har sjølvsagt med seg heimebrent som dei drikk i kaffien. Stemninga er klam og angstfylt. William og Samuel  bankar opp fotballspelaren Mathias etter ordre frå Sindre fordi han har forsvart Pippin. Midt på natta hentar dei Pippin og tar han med seg i badstua, og trugar dei andre med at om læraren får greie på dette, så vil dei sjølve bli fritt vilt etterpå. Etter ei stund etter skjønar Simon og dei andre at dei faktisk må undersøke kva som har skjedd med Pippin, som dei finn innelåst og svært dehydrert i badstua. Denne hendinga får store konsekvensar for dei tre, dei blir tatt hand om av politiet og blir sende vekk. Fosterfar til Simon insisterer på at han skal ta med Simon og Kaja på besøk til Pippin for å be om unnskyldning. Pippin er glad for besøket, og viser fram den flotte sommarfuglsamlinga si.

Eit nytt høgdepunkt i forteljinga er festen 16. mai. Kaja vil danse, men Simon liker det ikkje. Han seier: «Du må tilpasse deg, sa eg, meir innbite enn eg hadde tenkt. – Heile den fordømte ungdomstida handlar om det, å tilpasse seg andre.» «Så det er viktigare enn å tore å vere seg sjølv?» svarer Kaja. Denne diskusjonen mellom dei fangar opp noko av det grunnleggande i romanen.

Sindre har dukka opp igjen, og har pålagt Simon å møte han i skogen og ta med seg Pippin. Simon er fast bestemt på å ikkje halde denne avtalen med Sindre. Men når kvelden kjem og Simon har drukke mykje brennevin, får han med seg Pippin og overlèt han til Sindre. Heldigvis får ikkje dette dei alvorlege konsekvensane ein kunne frykte.

Pippin er likevel veldig skuffa over at Simon overlét han til Sindre, men seier dei skal inngå ein avtale. Den dagen han sender ein sjeldan sommarfugl til Simon, må Simon gå til Kaja og fortelje at han er forelska i ho. Og ein dag kjem sommarfuglen, og då er det Simon sin tur til å halde avtalen.

Denne boka er veldig spennande og dramatisk, og tar føre seg aktuelle problemstillingar som mellom anna gjengvald og mobbing, om å vere seg sjølv og om å tore å stå fram som homofil.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

ungdomsbøker
ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12