Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Laura Djupvik: Hundre appelsinar og ein fiolin

Laura Djupvik si andre skjønnlitterære utgjeving er ein roman som ligg i skjeringsfeltet mellom å vere ei barnebok og ei ungdomsbok. Forteljinga kretsar rundt fine tema som venskap, kjærleik, musikk, sorg, mot og viljestyrke.

Berre Daniel kjenner Bård Skihus, den gamle fiolinisten som har vore konsertmeister i kjende orkester i Europa. Kameratane freistar å skremme Daniel. Dei seier at Skihus er ein vampyr som har døde ungar i kjellaren. At han et dei til middag.

Daniel kan spele fiolin, Skihus vert læraren hans. Endeleg skal Skihus snart stå på ei scene att, saman med Daniel. Men slik vert det ikkje.

«Musikken grip inn i liva våre på måtar vi aldri kan forstå! Musikk kan endre alt, sa Skihus. Alt!»

Parallelle historier om Skihus si fortid flettar seg fint inn i handlinga. Dette er ei var, men på same tid sterk forteljing. Lesarar fortel at tårene trilla over sidene i boka. Likevel er det ei bok å verte glad av. Boka kan lesast frå mellomsteget, men det er ikkje naturleg å setje noko avgrensing i andre enden. At kjærleiken kan vere sterk mellom to menneske i høg alder, og når livet går mot slutten, er eit viktig tema i boka.

Fleire boktips

ungdomsbøker
9–12
9–12
9–12