Mannen som stod i den vesle entreen, la ikkje merke til at ho kom ut før det var for seint. For seint til å skjule det han hadde i hendene. Ho såg, og han visste at ho hadde sett. Bente kjende redselen banke, og beina skalv under henne da ho fann tilbake til sofaen. Ho hadde aldri sett eit skytevåpen før.
Magnhild Bruheim er ute med ei ny kriminalforteljing om besteveninnene Kami og Bente. På flukt er den tredje boka i den populære serien, dei to første er Ny melding og Venneringen. Bruheim skriv spennande og aktuelt om ungdom som hamnar i farlege situasjonar. Dette likar lesarane!
Sjå til dømes på INGRRRID sin blogg, ho er 14 år, bur på Lillehammer og bloggar om den første boka i serien, Ny melding:
«Jeg har funnet en bok.. Tro det eller ei. Og det er ingen av de dere har anbefalt. Nei, vi hadde besøk av forfatteren på skolen, og jeg ble interresert i bøkene hennes. De er faktisk på nynorsk, men kjempe bra bøker, det er det. Har bare lest (leser!) denne ene, men av å ha hørt utdrag fra de andre bøkene, høres de og bra ut. Men denne er i allefall kjempe bra, anbefaler den boken.»
Henrik og Bente går på vidaregåande og er i Oslo fordi dei arbeider med ein dokumentarfilm om jenter med innvandrarbakgrunn. Under eit intervju oppdagar dei ei jente med hijab som heilt tydeleg prøver å få kontakt med dei. Ho legg hendene i kryss framfor brystet som om ho tryglar om hjelp. Plutseleg er ho borte, men neste dag er ho der att. Snart er Henrik og Bente involverte i ei flukt på liv og død.
Temaet i boka er tvangsekteskap og æresdrap. Om tre dagar skal 16 år gamle Yasmiin sendast til Pakistan for å gifte seg med fetteren sin. Bruheim vekslar synsvinkel slik at vi får kjenne korleis fleire av dei involverte opplever konflikten. Korleis er det å vere broren til ei som fører skam over familien?
Her er også forelsking, veninnetrøbbel og sjalusi, men det er berre bonus. Først og fremst er dette ei viktig bok fordi ho maktar å komme på innsida av eit tema som må opp i lyset og fram i debatten. Formidlinga er nyansert, men likevel så klar at det gjer vondt.