Frå 14 år og oppover
Omsett frå færøysk av Lars Moa.
Ti små forteljingar som til saman vert til éi stor – det er utgangspunktet for denne kollektivromanen. Boka har ti kapittel, og i kvart kapittel er det ein ny hovudperson. Dei ti forteljingane skildrar korleis den same helga er for ti ulike ungdomar i Tórshavn.
Historiene er på ulike vis vovne saman, og folk vekslar mellom å vera hovudpersonar og bipersonar. Og nett i denne vekslinga er det at me finn den store styrken til denne boka. I rollene som bipersonar kan mange av ungdomane i boka opplevast som både irrasjonelle og klisjéfulle, medan dei same ungdomane gjev oss eit heilt anna inntrykk når me får innpass i tankane deira i kapitla der dei er hovudpersonar. Slik vert boka ei viktig påminning om kor vanskeleg det kan vera å skjøna seg på og sjå andre menneske.
Utdrag frå boka: