Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Marta Söderberg: Det verste har allereie skjedd

Omsett frå svensk av Runa Kvalsund.

Eg-forteljaren heiter Bianca og bur i Göteborg saman med adoptivforeldra sine. Vi møter familien ved to måltid der dei sit tause saman og ikkje lenger har noko felles. Bianca oppfattar det som om dei klamrar seg til bestikket og prøver å late som om det verste ikkje har hendt. Slik har det vore dei to siste åra: «Ingenting kjem nokon gong til å bli normalt igjen». Ei soveromsdør har vore stengd desse to åra sidan Jimmy, som då var 15 år, døydde. Jimmy var annleis enn andre ungdommar, og Bianca har slutta å le.

Mest for å kome seg vekk heimanfrå har Bianca fått seg sommarjobb som reinhaldar. Ho skal arbeide saman med John som ho føler ikkje liker ho, så dei snakkar ikkje mykje med kvarandre.

Bianca tenker mykje på det som hendte den gongen. Ho har mange tunge tankar kring broren og forholdet sitt til han, og vi forstår at ho kjenner på dårleg samvit og skam over det som skjedde. Heilt kva det var, tar det ei stund før lesarane forstår.

Ho tenker også mykje på livet sitt som adoptert og kven ho eigentleg er. Ho kom til foreldra sine då ho var tre, og ho tenker at ho ikkje var som eit blankt lerret då. Tankane kretsar rundt identiteten hennar, ho kjenner seg ikkje verkeleg ønskt. Foreldra gjorde mange andre forsøk på å få barn før dei bestemte seg for adopsjon som ei siste moglegheit: «Det bur noko framandt i meg». Ho synest det manglar bitar i puslespelet sitt.

Ein dag skal John og ho rydde og vaske ei leilegheit som har tilhøyrt den drepne ungjenta Lisen. Det er Minna som har tatt livet av ho fordi dei to kjempa om den same guten. Denne historia rører Bianca, og ho begynner å lese om sjølve hendinga og om rettssaka. Når ho les om Minna, kjenner ho også på ein slags slektskap med ho, og Bianca synest ho kjem nærare seg sjølv og sine kjensler. Dette blir som ei form for sjølvransaking. Ho snakkar meir med John, og ein dag får han ho til å le.

Romanen er bygd opp med korte kapittel som skildrar korte augeblinkar, enten frå fortida eller nåtida. Minna om broren dukkar stadig opp, og det er ei god skildring av dei forvirrande kjenslene Bianca har. Her får vi lese ei rørande og sår forteljing om ein familie som har gått i stå, og ei ung, adoptert jente som kjenner seg utanfor.

Kategoriar

Fleire boktips

Lars Erik Helgemo og Markus Pedersen: Udugelege heltar volum 3: Endelaus
teikneseriar
Sunniva Relling Berg: Soldagen
lettlesne bøker
Per Jan Ingebrigtsen: Rafarta
ungdomsbøker
Erling A. Westgaard Flote: Utveg
ungdomsbøker