Omsett til nynorsk av Brit Bildøen
Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 13–22)
Felles nærlesing av romanen Hest, hest, tiger, tiger
Korleis kan ei bok handle om det mest alvorlege av det alvorlege, på same tid som ho er komisk og underfundig? Hest, hest, tiger, tiger er ei slik forteljing.
Honey bur saman med mor si og storesøster Mikala. Ho er van med å klare det meste: Lage mat. Handle inn. Ta seg av søster si. På skulen prøver ho å vere venn med alle, men ho er sjeldan saman med nokon av klassekameratane på fritida. Og så er det pappa då, som ringjer og spør om ho vil ta ein kopp kakao i lag med han, men som helst vil låne pengar av henne. Pappa med dei store tatoveringane, som stadig vekk gjer litt for mykje av seg i sosiale samanhengar. Både han og Mikala kan rett og slett bli litt «altfor mykje» til tider. Dess meir plass dei tek, dess mindre vert Honey.
Sjølv om Honey tilsynelatande har full kontroll, har ho eit problem. Ho lyg. Stadig vekk plumpar ho ut med kommentarar og skrøner. Det eine tek det andre med seg, og slik kjem ho ein dag til å ta ein buss ho slett ikkje skulle vere med. Ved busstoppet der ho går av, er det eit hospits for døyande. Her møter ho ein mann som ho berre ikkje klarer å la vere å tenkje på. Ho kjem att fleire gongar, og dei to vert gode venner.
Det er berre det at mamma neppe vil like at Honey går på besøk til ein framand, sjuk mann kvar ettermiddag. Korleis kan ho få halde fram med det utan at mamma og Mikala finn ut kva som skjer?
Hest, hest, tiger, tiger er rett og slett både pinleg, komisk og rørande. Boka er lett å lese og passar godt for eldre barn og ungdomar. Også vaksne vil ha stor glede av boka.
Utdrag frå boka: