Monica Laupsa: Førstetouch

FørstetouchTuva er snart ferdig på ungdomsskulen. Ho er fotballkeeper og har tenkt å bruke talentet sitt til å kome inn på toppidrettslinja på vidaregåande. Den største utfordringa er at ho må ha eit høgt karaktersnitt for å kome inn.

Tuva jobbar hardt for å verte endå betre i mål, og ganske hardt for å meistre skulen godt nok også. Dessutan har laget hennar ambisjonar om å kome heilt til finalen i Vestlandscupen.

Men så kjem den supergode spissen Sara inn i livet hennar, og ho vekker noko i Tuva som ho ikkje heilt forstår. Begge jentene er usikre på seg sjølve og det som gryr mellom dei. Som ungdommar flest taklar dei det både godt og mindre godt.

Det er god driv i historia, og her er mange referansar målgruppa vil kjenne seg igjen i, både på skulen, på fotballbana og på fritida.

Boka passar ekstra godt for jenter som er glade i fotball, men historiene er så fint fletta saman at ho vil vere interessant for dei fleste ungdommar.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

Bak med Helle
9–12
Hilde Myklebust: Ingen kan nå oss
kjærleik
ungdomsbøker
spenningsbøker