Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Nathalie Simonsson: Verdas viktigaste bok. Om kroppen, kjensler og sex

verdas_viktigaste_bokOpplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Verdas viktigaste bok

Ei bok om alt ein vil vite, men ikkje vågar å spørje om. Er det vanleg at tissen er skeiv? Kvifor er nokre ting jentete og andre gutete? Korleis kjennest det å bli kåt? Kan mensen vere brun? Kor ofte er det ok å onanere? Korleis skal eg vise at eg er interessert og vil bli saman med nokon?

Det er mange ting som er viktigast i verda. Å få vere seg sjølv. Å ha lov å forelske seg i den ein vil. Å kjenne seg bra og viktig. Å bestemme over sin eigen kropp. Ein annan viktig ting er å finne ut korleis ting fungerer.

«Eg hugsar korleis det var då eg var lita og hadde tusen spørsmål eg ikkje torde å stille. Det å snakke om visse ting kjennest pinleg og privat. Så derfor gjekk eg heller rundt og var undrande og uroleg. I dag synest eg det er rart at det er så vanskeleg å snakke om kropp, følelsar og sex. Nesten alle tenkjer jo på sånt! Når vi snakkar saman, merkar vi at dei fleste lurer på dei same tinga.»

Slik lyder forfattar Nathalie Simonssons introduksjon til Verdas viktigaste bok. Boka har eit ærleg og direkte språk, og med innhald og illustrasjonar som er tydelege og talar til så mange. Dette er ei tidlaus bok for eldre barn og unge. Ho er ikkje berre fakta, men tek òg føre seg ting som berre du sjølv kan vite: korleis det kjennest inni deg, og kva som er bra for akkurat deg. Og mest av alt handlar boka om at du skal ha det bra. Nettopp dette gjer ho til verdas viktigaste bok.

Boka fortel om kjærleik, familie, kjønnsroller og likestilling. Like viktig er det at ho vier merksemd til aktuelle tema som transseksualitet, legning, vald og seksuelle overgrep. Har du dårlege hemmelegheiter som er kjipe og tunge å bere aleine, er det viktig å fortelje det til ein vaksen.

Det Norske Samlaget lanserer Verdas viktigaste bok saman med organisasjonen Sex og politikk, som mellom anna tilbyr lærarar i grunnskulen gode verktøy til bruk i undervisninga om seksualitet knytt opp til kompetansemål i fleire fag. Sjå sexogpolitikk.no/seksualundervisning/ for meir informasjon.

Delar av boka er samanfallande med læreplanmål knytte til utvikling av menneskekroppen og seksualitet frå og med 4. trinn. Her må vaksne formidle passande innhald.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

Therese Garshol Syversen: Eg skal rive deg i filler
intervju
Silja Aldudóttir: Udyret i tunnelen
9–12
Ana Pêgo: Plasticus maritimus
9–12
Elen Betanzo: Kjenner du Becker?
9–12