Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Overtrykk 2022

Overtrykk 2022

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Likar du skumle nøkkar, hekser som ikkje er faglærde, eller angrande jegerar? Likar du også teikneseriar? Då er det berre å gle seg! Teikneserieantologien Overtrykk 2022 gir deg alt dette og meir til! Det er no ti år sidan den første Über-antologien kom ut, og framleis er det noko nytt, spanande og tiltrekkjande med desse teikneseriane. Forlaget Überpress har teke sikte på å dekkje det Bing og Bringsværd kalla fabelprosa, så her finn vi både mørke science fiction-seriar, eventyraktige seriar med huldrer og sørgmodige, vakre fantasivesen som lever i elva.

Antologien er sett saman av sju nokså ulike teikneseriar. Den første serien, «Brakkvatn», byrjar som ei krimgåte. Folk i tettstaden ved fjorden forsvinn plutseleg og uventa. Hjelp vert tilkalla, og det kjem etter kvart fram at det må vere ei overnaturleg forklaring på forsvinningane. Kan det vere ein draug som er på ferde? Ei hulder er heldigvis også med, og takk vere hennar hjelp, blir det igjen ro og orden.

Ein svært annleis serie, er serien «Skrømt». Denne serien går føre seg i framtida, og vi møter eit dystopisk samfunn ved ein atomreaktor. Teikneserien er teikna i svart-kvitt, noko som også framhevar det mørke og dystre. Ei lita jente treffer eit slags kjæledyrskrømt, som verkar koseleg. Men dette skrømtet er nok alt anna enn koseleg!

Alt i alt er seriane varierte, nokre koselege, andre triste og nokre rett ut skumle. Ut frå form og innhald kan ein vel seie at antologien vender seg mot ungdom eller unge vaksne. I tillegg til dei sju teikneseriane, får ein også eit lite intervju med kvar serieskapar. Ein svært god ting med desse intervjua, er at forfattarane får gje sine tilrådingar til vidare lesing. Her er det mange spennande seriar å utforske vidare, både om ein likte denne utgåva, eller om ein vil utforske den kreative og magiske teikneserieverda vidare.

Fleire boktips

6–9
9–12
krim
dikt