Er du ein av mange som gler deg til årets utgåve av Overtrykk? Her har vi Overtrykk 2023, overrisla med eldfluger, uventa heltar som til dømes veslesystrer, og ikkje minst staselege, tøffe og usikre hestar! For dei som ikkje har lese Overtrykk tidlegare, kan vi fortelje at Overtrykk er den årlege teikneserieantologien frå Überpress. Denne antologien inneheld fem historier, alle er teikna og skrivne av norske teikneserieskaparar. I tillegg til historiene, inneheld antologien også intervju med teikneserieskaparane der dei fortel om kven dei er, kva slags teikneseriar dei likar, og kva slags hest dei helst ville ha vore. Forfattarane kjem også med gode tips til teikneseriar dei anbefaler. Dette tilfører antologien mykje, for her kan ein bli inspirert til å utforske teikneserieverda, og kanskje også til å bidra med eigne teikneseriar.
Alle teikneseriane i denne utgåva er eksempel på fabelprosa. Fabelprosa er episke historier som spenner over alle former for fantastisk litteratur, og desse teikneseriane høyrer dermed alle til i ei slags fantasiverd. Temaet hest bind også teikneseriane saman tematisk. Likevel varierer dei mykje, frå det meir realistiske til crazyhumor og igjen til det djupt tragiske.
Overtrykk 2023 har eit gjennomgåande tema med hestar. Desse vakre dyra har ei lang historie til felles med menneska, og mange menneske har framleis eit nært forhold til hestane sine eller hestar frå litteraturen. I den store verda av teikneseriar finst det mange uforgløymelege hestar som til dømes Jolly Jumper, den kloke og initiativrike hesten til Lucky Luke.
Den første historia heiter Solsøstrene og er skriven av Linn-Catherin Hansen. Teikneserien handlar om ei storesyster, Alma, og ei veslesyster, Myrte, som bur i ei lita bygd. Det ser ut til at sola har forsvunne frå bygda, og rare ting byrjar å skje. Myra utanfor bygda kryp nærare og nærare, og bygdefolket veit ikkje heilt kva dei skal tru. Myrte lokkar Alma med ut på myra, slik at ingen av vennene til Alma skal tru at Alma er mørkredd. Ute på myra treffer dei fleire mystiske figurar, men alt går bra til slutt, ved hjelp av veslesyster Myrte og ei flaske Zalo.
I serien «Kreket» av Isabell Martinsen, vert utanforskap og mobbing tematisert. Kreket er ein einhyrning som skil seg ut med å vere liten, ha små hovar og ikkje minst eit altfor lite horn, meiner dei andre einhyrningane. Utan å røpe for mykje, finn Kreket nye vener, og lærer etter kvart at det er viktig å verte den beste versjonen av seg sjølv. I denne antologien er det mange teikneseriar ein kan leve seg inn i og bli inspirert av.