Offer er ein spennande og dagsaktuell kriminalroman for ungdom. Fatima og besteveninna Silje er begge 18 år og går i same klasse på vidaregåande på Stord. Fatima og familien hennar kjem frå Somalia. Ein dag er Fatima borte frå skolen. Ho skal giftast bort til ein mann som er over 40 og har to koner frå før. Men Fatima veit at ho ikkje vil bestå jomfrudomstesten, ho har jo vore saman med ein norsk gut. Fram til undersøkinga må Fatima vere på rommet sitt. Ho får ein sms frå Silje som seier at dei må møtast, og Fatima kjem seg ut vindauget om natta. Men det er ikkje Silje som møter ho.
Silje tar kontakt med Salomon Sander, ein drikkfeldig eldre kar av taterslekt, og ber han hjelpe seg med å finne Fatima. Dei klatrar inn på rommet hennar, og oppdagar at senga er varm. Mohammed, bror til Fatima, oppdagar dei, men veit ikkje kvar ho er. Dei må kontakte politiet, men før det får Silje Mohammed til å love at Fatima ikkje skal sendast til Somalia.
Nå dukkar alle spørsmåla opp. Kvar er Fatima? Kvifor tar ho ikkje telefonen når dei ringer ho? Og kven er Alfred von Tirpitz som har sendt ho ein mail? Er det likevel familien som står bak forsvinninga hennar?
Så dukkar det opp eit bilete av Fatima i alle aviser. Ho er knebla og bunden, og ho ser medteken ut. Kven er det som har tatt dette biletet? Leitinga etter Fatima har til nå ikkje gitt resultat, og politiet trappar ned etterforskinga fordi dei meiner familien står bak. Men Silje og Sander trur ikkje det, og gir ikkje opp. Begge har ei kjensle av at dei kjenner igjen staden der Fatima er teken bilde av, men dei kjem ikkje nærare. Situasjonen hennar blir meir kritisk, men vil ho bli funnen i tide?