Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Per Jan Ingebrigtsen: Rafarta

Rafarta er 14 år og kjem frå Irland, og vi er i tida rundt 870. Vi møter ho først under eit forferdeleg torevêr, der Rafarta søkjer ly i eit naust og bed ei bøn til jomfru Maria. Ho har nettopp rømt frå skipet til Bjørn Raudskjegg, ein brutal hovding. Mennene hans tok ho til fange ein gong ho var ute aleine. Nå må ho kome seg endå lenger unna før dei finn henne, og stel med seg ei øks. Denne kan ho få god bruk for. I skogen finn ho ein gøymestad under ein bergheller. Ho rappar også med seg eit skinn og noko mat. No er ho i Hirotha, irane sitt namn på Noreg. Korleis skal ho kome seg attende til Irland? 

Snart blir ho oppdaga av ein ung gut, Tor, på 15 år. Han skyt etter ho med ei pil som ikkje råkar, og har med seg ein hundekvalp, som heiter Ulv. Bjørn Raudskjegg har lova ut ein premie til den som fakkar Rafarta og bringar ho tilbake til han. Men Tor er ikkje så interessert i premien, og lar ho vere der. Seinare kjem han tilbake med mat. Dei blir vener, men då Tor ymtar om at Bjørn Raudskjegg skuldar han ein træl og tilbyr ho å vere det, legg ho på sprang. Ho finn ein færing i fjæra, og hundekvalpen hoppar om bord. Så ser ho eit skip komme, men det er heldigvis ikkje Bjørn Raudskjegg. Ho drar kjensel på skipet, og ser at det er bestefaren hennar, Austmann, som har bygd det. Skipet er på veg mot Karmøy, og dei tar ho om bord. 

Sjølv om Rafarta nå er saman med venlegsinna folk, er det ikkje slutt på dei dramatiske hendingane. På Karmøy rår kong Hjør og dronning Ljufvina, og dei plasserer Rafarta saman med trælkvinnene. Dette finn ikkje Rafarta seg i, og ho står opp om natta og drar sin veg. Ho påstår at ho har fått løyve frå kong Hjør til å arbeide på skipsbyggeriet. Arbeidsfolket godtar dette, sjølv om dei synest det er rart. Igjen kjem det folk for å ta henne. 

Romanen gjev ei god skildring av brytningstida mellom det norrøne samfunnet og starten på innføringa av kristendommen. Trua på Odin og Tor finst samtidig som ein andre gonger vender seg til Kvite-Krist og jomfru Maria. Samfunnet er lagdelt og valdeleg, der nokre er hovdingar og andre er ufrie trælar, og det er den sterkaste sin rett. Rafarta må kjempe for livet sitt fleire gonger, og dei tankane ho har om å bli skipsbyggar, kan fort vere umogelege å innfri fordi ho er jente. Ho drøymer om å komme seg tilbake til det vakre Irland, og lengtar etter å treffe familien sin igjen. Rafarta er ein spennande roman med mange dramatiske hendingar. 

Kategoriar

Fleire boktips

lettlesne bøker
ungdomsbøker
ungdomsbøker
lettlesne bøker