August er ein av dei ungdomane som alltid hamnar i trøbbel. På skulen blir han raskt peika ut som syndebukk av dei vaksne, som verken får godt nok innnsyn i eller forstår bakgrunnen for åtferda hans. Etter ei alvorleg valdshending mot ein medelev tek mora ei avgjerd: Dei må flytte. Ho lovar August at dette blir siste gong – no skal dei få ein ny start.
Å flytte frå stad til stad har prega heile barndommen hans. Mora, som jobbar i alternativbransjen, set pris på fridomen det gir, men har ikkje klart å gi August dei stabile rammene han treng. Ho elskar sonen sin, men har alltid levd på sitt eige vis. Og August? Han slit med vonde minne som stadig kjem tilbake. Kva har eigentleg mora hans drive med?
Den vesle vestlandsbygda dei flyttar til, er langt frå den fristaden dei hadde håpa på. Ungdomsmiljøet er prega av uro, med mykje rus og vald, og det tek ikkje lang tid før August blir trekt inn i det berykta miljøet. Utfordringane tårnar seg opp – ikkje berre for han, men også for mora. Ho forsøker å etablere seg med naturmedisin og transcendentalterapi, men August veit kva som skjuler seg i sofaen heime, og han bekymrar seg for mora si. Flyttinga var meint som ein ny start for dei begge, men snart blir det tydeleg at det å ta dei rette vala ikkje berre er vanskeleg for August, det gjeld også for mora. Ho er velmeinande og kjærleg, men livet byr på freistingar ho ikkje alltid klarer å stå imot.
Skam knytt til oppvekst og familiesituasjon er eitt av fleire tema i romanen til Strassegger. Skam kan tvinge fram eit forsvarsverk som gjer ein hard og utilgjengeleg og kan føre til trøbbel. August har lært at fryktløyse har vore eit fellestrekk hjå dei store erobrarane i historia. Å kjenne til svakheitene til dei rundt seg – og slå først – kan gi overtaket. Han har alltid kjent seg annleis, og det har gjort han sint og mistenksam.
I denne romanen er handlinga spennande og drivande, men òg full av refleksjonar kring livsval og identitet, oppvekst og åtferd. Det sosiale spelet mellom tenåringar blir skildra på ein treffande måte, og som lesar får ein eit godt innblikk i det tøffe ungdomsmiljøet August blir ein del av. Mellom dei nye venane hans finst både dei som trekker han djupare inn i farlege spor, og andre som viser at det finst andre vegar.
Denne tredje boka i den kritikarroste ungdomsserien til Strassegger er ein roman med aktuelle tematikkar som både engasjerer og set tankane i sving.
Intervju med Peter F. Strassegger
Kvifor bør ungdomar lese boka di?
Keisar Augustus handlar om rus, vald og antisosial åtferd i ungdomstida. Det er ei bok for alle som er interesserte i desse temaa, og dei som ønskjer å forstå dei som hamnar inn i eit slikt liv, og kva som skal til for å ta ansvar som ungdom.
Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
Dette er bok nummer tre i ein trilogi om råskapen til ungdommen. Det som har inspirert meg til å skrive tre bøker om desse tunge temaa, er alle møta og tilbakemeldingane eg har fått av ungdom som har lese bøkene når eg har vore på skulebesøk. Stå på, og hald stø kurs vidare! Og hald fram med å lese bøker og diskutere vanskelege tema!
Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?
Ungdom mellom 12 og 18 år som held på å falle ut på skråplanet, eller dei som kjenner nokon som ikkje har det så bra.
Kva meiner du kjenneteiknar ei god ungdomsbok?
Ho skal få deg til å tenke utan å moralisere. Boka skal få deg til å leve deg inn i vanskane personen står i, og tenke over korleis du sjølv ville ha reagert, og kva du ville gjort i situasjonen til vedkomande.
Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse ungdomar om å lese, og kvifor?
Neda Alaei sin fantastiske roman På én betingelse. Ho handlar om å vera både rå og sår i ein oppvekst på Oslos austkant, avhengig av anerkjenning frå gutane i miljøet og samstundes einsam i møtet med ansvaret du må ta vidare i livet.