Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Peter F. Strassegger: Kvil i fred

Per og Oskar er kompisar og har nokre veker igjen av 10. klasse. Det er endeleg fredag, og dei har tenkt seg på butikken for å stele øl slik dei har gjort i det siste. Dei har stadig blitt meir vågale når det gjeld å stele ting på den lokale Spar-butikken. Per og Oskar har lite å drive med. Stelinga har også blitt ein slags rutine, dei blir jo aldri oppdaga: «Men i dag er det noko som kjennest rart». Både læraren og Ronny, som tidlegare har vore kamerat med Oskar, har bede Per om å ta det med ro.

Kompisen Oskar er ikkje mors beste barn, men den einaste vennen Per har. «Oskar er galen på den galne måten», har Ronny sagt. Tagging er ein aktivitet dei fordriv tida med, og i dag skriv Per først rep og sidan drep på veggen med sprittusj. Desse orda festar seg i Per, og angir noko av det det skal handle om i romanen. Vi møter to gutar som står i fare for å hamne fullstendig på skråplanet. Utanforskap og mobbing er også ein del av verkelegheita deira.

Dei vaksne i denne romanen er utydelege, men velmeinande. Kontaktlæraren ber Per om å ta det litt med ro, men meir får han ikkje sagt. Butikksjefen er også ein hyggeleg fyr, men taklar stelinga deira på ein underleg måte. Dei kommuniserer forbi kvarandre, og har vanskar med å seie ting slik dei er, dei berre ymtar.

Faren har på mange måtar slutta å fungere etter at mora til Per døydde for tre år sidan, det er slutt på samtalar og slutt på middagar. Han drikk mykje, og klarer ikkje å ta seg saman. Han seier: «Det er ingenting du kan gjera som vil få meg til å slutta å elska deg som min son», men Per synest ikkje det er noko som tyder på at han verkeleg meiner det. Faren har meir enn nok med seg sjølv.

Tittelen på romanen viser at døden har ein sentral plass. Saknet og sorga etter den døde mora gjev Per mareritt. Først får vi inntrykk av at mora har døydd i kreft, men etter kvart blir det avslørt at ho døydde i sjølvmord. Dette er det vanskeleg å leve med, både for Per og faren. Dei trur det skal gå betre og gå over, berre dei ikkje snakkar om ho.

Per har blitt mobba både fysisk og psykisk av Åsmund og gjengen hans. Per er ein gut med mange kjensler, og han prøver hardt å halde dei inni seg. Han har mykje sinne, uro og dystre tankar. For å døyve noko av trykket, synest Per at det hjelper med øldrikking og annan rus. I alle fall ei stund. Per har ikkje tatt igjen overfor Åsmund før, men ein dag får han meir enn nok. Det blir dramatisk.

Brutalitet, råskap og det grenselause pregar denne roman, slik det var i  Aleksander den store, den førre ungdoms­romanen til Strassegger. Men det finst eit håp, å velje annleis er alltid mogleg. Særleg om det finst nokre tydelege vaksne som ser og veit, og som vil prøve å hjelpe.

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker