Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ragnar Hovland: Brevet

«Jon bur aleine saman med mor si. Ein dag kjem eit brev i posten. Mora seier – Det er eit brev til deg, Jon. (…) Jon går inn på rommet sitt og les brevet. Han les det to gongar. Så veit han at dette er ein spesiell dag. – Eg må dra, seier Jon til mor si. – Eg veit ikkje om eg kan bu her lenger.» Om lesaren er kjend med skrivestilen og tematikken til Ragnar Hovland, vil han sjå at dette er ei typisk innleiing til ei typisk forteljing. I 1980 gav Ragnar Hovland ut si første barnebok, Det får stå til. «Eg visste lite om kva slags bok det skulle bli, einaste utgangspunktet var at ho måtte handle om ein som rømde heimanfrå. Eg kunne ikkje sjå at det var stort anna ein kunne lage ei skikkeleg barnebok om.» Sidan har det komme mang barne- og ungdomsbøker. I år har Hovland fått kritikarprisen for ungdomsromanen Fredlaus. I alle dei fantasifulle historiene er eit klassisk grunnmønster lett å kjenne att. Forfattaren skriv om reiser ut livet, vegen er staden der alt byrjar, han skriv om vegskilja, om å rive seg laus og om å bli vaksen.

Slik er det også i denne romanen som er utgjeven i Gyldendal sin lettleseserie Litt å lese. Jon må reise, han tek med seg Lisa og set seg på motorsykkelen sin. Ei spennande og farefull ferd ventar dei. Og kvar skal dei? Kva vil dei finne der?

Boka passar frå ungdomsskulealder. Ho kan vere ein fin inngang til Ragnar Hovland sin rike og særprega forfattarskap.

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12