Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ragnar Hovland: Fredlaus

«Eg skal ikkje bu hjå nokon som helst annakvar helg.»
14-årige Anders vert fortald at foreldra vil skilje seg. Han tek med seg ein pakke pølser, margarin og eit halvt brød. Fyrstikker og ein god kniv. Nokre bananar, eit eple, ein pakke kjeks, sovepose, munnspelet og det han har av pengar. Det er ikkje all verda. Så dreg han.

– Kan du fortelje oss kor du har tenkt deg? spør faren. – Det kan eg nok ikkje. Mine vegar kjenner frå no av ingen. Det vil gå mange rykte, mange vil hevde at dei har sett meg på aude fjellvegar og framfor bensinstasjonar i regnvåte og dystre kveldar, men desse skal ein ikkje feste lit til. Eg kjem aldri att. – Slutt med det tullet, sa far. – Ikkje gjer dette verre enn det alt er. – Det er vel ikkje eg som gjer noko verre, sa eg. – Det er vel heilt andre som har gjort ting verre her, etter det eg kan sjå.

Forfattarkollega Brit Bildøen oppsummerer forfattarskapen til Ragnar Hovland slik, og gjev på same tid ei presis skildring av tematikken i denne boka:
«I dei tjuetals bøkene Hovland har skrive går sorg og glede hand i hand, bøkene for barn og vaksne knyter seg tett saman, det same gjer bøkene innan ulike sjangrar. Grovt sett handlar det alltid om ein gut som er forlaten av foreldra og som sørgjer. Men han blir aldri passiv og sjølvmedlidande, guten klarar av brasane på eit vis. Og det er mykje som skjer før ein kjem dit. I bøkene finst allslags folk, dei fører meisterlege dialogar, tek rotta på kvarandre på ymse måtar, og dei tek heilt sikkert ein tur med bil eller motorsykkel, fortrinnsvis på kronglete vestlandsvegar. Bøkene har referansar til musikk og film, samt litterære heltar som Alice, Hardyguttene og Huck Finn. Det er ikkje alltid lett å halde auga på den vegen forteljinga følgjer når det stadig dukkar opp slike små avstikkarar og sidevegar. For det er gleda over turen som tel i Hovland sine bøker, ikkje kor ein endar opp.»

Ragnar Hovland fekk Kritikarprisen for denne ungdomsromanen. Dermed er han den einaste som har fått prisen både i kategorien for vaksenbøker og for barne- og ungdomsbøker. Romanen Ei vinterreise fekk prisen i 2001.

Det er svært gledeleg å lese lista over forfattarar som har motteke denne viktige litterære utmerkinga, sett med nynorske auge. Her kjem ei oversikt over nynorske prisvinnarar i kategorien beste barne- og ungdomsbok dei siste åra. Heile 8 av dei 11 siste vinnarbøkene er skrivne på nynorsk!

  • 1996 Rune Belsvik for Dustefjerten og den store vårdagen
  • 1997 Rønnaug Kleiva for Ikkje gløym å klappe katten
  • 1999 Erna Osland for Salamandarryttaren
  • 2001 Rune Belsvik for Verdas mest forelska par
  • 2003 Oskar Stein Bjørlykke for Kom til dammen!
  • 2004 Arnfinn Kolerud for Den som ikkje har gøymt seg no.
  • 2005 Marianne Havdal for Når traktoren kjem ut er det vår
  • 2006 Ragnar Hovland for Fredlaus

Boka finst også som lydbok.

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker