Ragnar Hovland: Om noko skulle skje

Om noko skulle skjeIngrid, kjærasten til Reiner, døyr, og Reiner vert so sorgtyngd at han ikkje vil leva meir. So møter han Kapteinen, som tilbyr han å vera med på ei farefull ferd til underverda for å finna att Ingrid. Reiner tenkjer at han ikkje har noko å tapa, og han vert difor med. Underverda syner seg å vera ein mørk stad utan mobildekning – ein stad der folk hugsar mindre og mindre og ting fungerer dårlegare og dårlegare for kvar dag som går. Og innimellom kjem den store, svarte hunden og spreier frykt.

Boka byggjer på den klassiske forteljinga om Orfevs og Evrydike, men Hovland har i tillegg putta inn små peik og referansar til annan litteratur. Vegen til underverda går til dømes gjennom eit skåp, og Kapteinen har mykje sams med kaptein Haddock frå Tintin. Og alt er skrive i den lakoniske turre og morosame stilen til Hovland.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

Jens Kihl: Blakk
unge vaksne
Mona Celin Skrede: Mi høgre hand
faktabøker og sakprosa
ungdomsbøker
Jeswanthiny Mayoora: Aldri god nok
faktabøker og sakprosa