Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Robert Muchamore: Monsterbølgja

Robert Muchamore set punktum for Cherub-serien med den tolvte boka, Monsterbølgja. Handlinga er lagd til ei tropeøy, der ein tsunami har ført til store øydeleggingar. Dermed sender guvernøren på øya inn bulldosarar for å jamne landsbyane med jorda og erstatte dei med luksushotell.

James får i oppdrag å vakte familien til den korrupte guvernøren, eit oppdrag han ikkje tykkjer noko om. Samstundes pønskar tidlegare agentkollega Kyle Blueman ut sin eigen uoffisielle og svært farlege plan.

James må no velje mellom lojaliteten til CHERUB og lojaliteten til den eldste venen sin.

Cherub-agentane er mellom ti og sytten år, og dette gjev dei ein fordel: Vaksne får aldri mistanke om at born og ungdommar spionerer på dei. Serien er spektakulær og fartsfylt og høver godt for eldre barn og ungdommar. The Guardian gjev serien følgjande kommentar: «10 out of 10»!

Cherub-serien:
1. Rekrutten
2. Kokainkongen
3. Flukta
4. Drapet
5. Heilag galskap
6. Mennesket og dyret
7. Slått ut
8. Gjengkrigen
9. Søvngjengaren
10. Generalen
11. Brigands MC
12. Monsterbølgja

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12