Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rønnaug Kleiva: Vinden og kattane

Vi møter Johanna, veslesøstera og mora på ferie på ei øy i Egearhavet i det romanen startar. Det er Johanna på femten som fortel, og ganske fort forstår vi at ikkje alt er heilt som det burde vere. Mora har tatt jentene med på ferie lenge før skoleåret er slutt, utan at ho har søkt om det. Den vesle familien har dårleg råd, og Johanna har ei uro i seg. Ho er på vakt overfor mora som drikk for mykje, og må alltid vite kvar ho er. Ho tar ansvaret for at søstera får mat og at ho kjem seg i seng. Likevel har dei fine dagar på stranda, og ho blir kjent med kjekke Jannis. Veslesøstera er mest opptatt av alle kattane som er utanfor huset.

Ei veke går fort. Heime er dei tilbake i daglege rutinar. Mora er framleis trøytt og seier ho må kvile seg. Ho drikk og tar medisinar for å slappe av, og kjem stadig med nye grunnar til at det er slik. Sommarferien blir kjedeleg, dei finn ikkje på noko. «Eg er flink til å halde ut», tenker Johanna. Johanna får stadig større ansvar for søstera, både å få ho på skolen og hente ho frå SFO, men ho lovar søstera at ho alltid skal passe på ho. Søstera får den katten som ho har lengta så lenge etter, men Johanna blir irritert for at ho får meir å passe på.

Eit lyspunkt er Fredrik, den nye guten i klassen. Dei er saman nokre kveldar, men Johanna er ikkje klar for å ha eit forhold. Ein dag har mora endevendt rommet til Johanna, og Johanna blir rasande på mora som alltid er full. Ho seier mora må slutte å drikke, og mora lovar. Tanta ringer og seier at dei kan få hjelp av barnevernet. Men Johanna kan ikkje melde mora til barnevernet, dei treng kvarandre. Ein kveld kjem mora heim med følgje av politiet.

Kleiva skriv om ein problematikk som kan vere aktuell for fleire ungdommar. Johanna tar på seg eit stort og tungt ansvar, som ein ikkje skal trenge å ha når ein er femten–seksten år. Ho trur at det må vere slik det er, at ho berre må halde ut og fungere som den vaksne i familien, og at det ikkje er hjelp å få.

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker