Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Sigri Sandberg Meløy: Klimaboka

Det Norske Samlaget

Sigri Sandberg Meløy kjem med mange klåre meldingar i Klimaboka – den andre boka i Samlagets serie med debattbøker for ungdom. Eg meiner at følgjande melding er av dei viktigaste: «Ver skeptisk! Ver skeptisk til meg, til det eg skriv, til det andre skriv, forskarar, forfattarar, politikarar, bloggarar. Ikkje ver redd for å stille desse spørsmåla, dumme enkle, frekke – berre køyr på!»

Klimasaka er skulepensum for alle norske ungdommar. Dette er noko dei veit og høyrer mykje om, og som dei sikkert har diskutert hundre gonger minst. Likevel er det viktig med ei bok som gjer dette stoffet levande og nært, og som angrip det frå mange vinklar, og som oppmodar til å tenkje sjølv. Det er nett dette Sandberg Meløy gir oss.

Ho skildrar sin eigen tur på klimacruise til Nordpolen, samstundes som ho fortel om forsking, politikk og ulike meiningar knytte til klima, forureining og løysingar. Her er massevis av fakta, men ho legg ikkje skjul på at noko av det ho skriv er subjektivt. Sandberg Meløy er journalist, og ho går journalistisk til verks. Ho har spurt mange og lese mykje, og ho skriv lettbeint og munnleg om store og vanskelege spørsmål.

I største delen av boka teiknar ho opp alle dei moglege klimaproblema og alle dei moglege hindringane på vegen mot ei løysing, i avslutninga kjem ho inn på dei faktiske tiltaka. Kreative løysingar som involverer kanonar, gjødsling av verdshava, kunstige tre, goretex-membranar i store segl, algefarmar og speglar i atmosfæren, diskuterer ho sjølv, medan ho let politikarar, forskarar og ungdommar kome direkte til orde med dei meir seriøse løysingane i eigne små tekstar. Slik får ho vist, heilt konkret, kor samansett problemet er og kor mange ulike perspektiv som finst.

Det er berre eitt punkt Sandberg Meløy meiner at vi ikkje kan kome utanom: «Det blir varmare på kloden. Menneska har delvis skuld i dette. Vi må gjere noko.» Dei fleste ungdommar veit dette, og denne boka kan vere eit godt utgangspunkt for å starte arbeidet.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker